Arbeidet mitt - roman (ebok) av Olga Ravn
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Olga Ravn (forfatter)

Arbeidet mitt ebok

329,-
TERNINGKAST 6 - Fartein Horgar, Adresseavisen. Oppgjer med morsrolla. Forfattaren Anna er i sjokk etter å ha fødd sitt fyrste barn. Ho og kjærasten Aksel fell motvillig inn i gamle kjønnsroller, og Anna føler seg åleine om dette enorme nye ansvaret. Ho vert råka av ein altoppslukande angst. På randa av eit mentalt samanbrot kjenner ho korleis det å vera seg sjølv og det å vera mor blir motsetningar, og korleis det å skriva og vera mor samstundes blir umogleg. Korleis skal ein handtera den…
Ebok 329,-

Andre har også kjøpt

Undertittel roman
Forfattere Olga Ravn (forfatter), Inger Bråtveit (oversetter)
Forlag Samlaget
Utgitt 5 mai 2022
Lengde 429 sider
Sjanger Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234006203
TERNINGKAST 6 - Fartein Horgar, Adresseavisen. Oppgjer med morsrolla. Forfattaren Anna er i sjokk etter å ha fødd sitt fyrste barn. Ho og kjærasten Aksel fell motvillig inn i gamle kjønnsroller, og Anna føler seg åleine om dette enorme nye ansvaret. Ho vert råka av ein altoppslukande angst. På randa av eit mentalt samanbrot kjenner ho korleis det å vera seg sjølv og det å vera mor blir motsetningar, og korleis det å skriva og vera mor samstundes blir umogleg. Korleis skal ein handtera den skamma som oppstår når ein ikkje kan kjenna seg att i samfunnet sitt tronge normalitetsomgrep? «Arbeidet mitt» er ei bok om den radikale erfaringa det er å verta mor, om skitentøy, skriving og shopping og om å læra å elska det engstelege og opne i livet med barn. For romanen fekk Olga Ravn Politikens litteraturpris i 2020. Boka er sett om til norsk av Inger Bråtveit. Olga Ravn (f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv som lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho fekk Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen «Dei tilsette», som vart kortlista til Den internasjonale Booker-prisen. Sagt om «Mit arbejde» (2020): Terningkast fem. «Tittelen er først tvitydig; arbeid og identitet er ikkje einstydande. Arbeid er noko ein kan gå til og frå utan å legge sjela si i det. Noko som er uhøyrt for myten knytt til det å vere mor. [...] Sakte [...] verkar det som Anna og eget aksepterer at ein kan vere ei mor som ikkje sjølv må døy for å gi liv til barnet. At ein ikkje er eitt med barnet.» - Marie Louise Wedel Bruun, Berlingske