Bucolica - gjetarsongar (ebok) av Vergil
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Vergil (forfatter)

Bucolica - gjetarsongar ebok

119,-
(0)
Vergils debutverk for første gong på norsk Vergil vann ein plass i verdslitteraturen med debutverket sitt, Gjetarsongar (ca. 41 f.Kr.). I ei tid da dei romerske poetane hadde ord på seg for å vere novi, «nye», og kravet om originalitet sett opp mot dei tradisjonstunge førebileta i den greske litteraturen var ufråvikeleg, slo Vergil inn på ein dristig veg med det første verket sitt. Gjetarsongar høyrer til den pastorale poesien. Med sine skildringar av kulturlandskap og gjetarliv var ikkje dett…
119,-
Forfattere Vergil (forfatter), Matti Garnes Wiik (oversetter)
Forlag Gyldendal
Utgitt 30 november 2016
Lengde 108 sider
Sjangrer Poesi, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788205462953
Vergils debutverk for første gong på norsk Vergil vann ein plass i verdslitteraturen med debutverket sitt, Gjetarsongar (ca. 41 f.Kr.). I ei tid da dei romerske poetane hadde ord på seg for å vere novi, «nye», og kravet om originalitet sett opp mot dei tradisjonstunge førebileta i den greske litteraturen var ufråvikeleg, slo Vergil inn på ein dristig veg med det første verket sitt. Gjetarsongar høyrer til den pastorale poesien. Med sine skildringar av kulturlandskap og gjetarliv var ikkje dette ei litteraturform som sto høgt i kurs hos dei «nye» poetane i Roma. Men Vergils Gjetarsongar gjorde likevel den pastorale litteraturforma til ei nyskapande kraft i den romerske gullalderen. Gjennom dei ti utsøkte dikta i debutverket vever Vergil saman det greske og det romerske, det poetiske og det politiske, det gamle og det nye, det homoerotiske og det heteroseksuelle, det naturlege og det særs kunstferdige, til ein suksess som har halde seg gjennom meir enn to tusen år. Omsett frå latin av Matti Wiik.