Celestine (ebok) av Olga Ravn
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Olga Ravn (forfatter)

Celestine ebok

159,- Veil. pris: 179,-Spar: 20,-
(0)
Celestine er ein gåtefull, lyrisk og fortetta roman, der vi møter ei ung lærarinne som flyttar til bygda for å undervise på ein kostskule, samstundes som ho kjempar ein indre kamp med den kaotiske barndommen sin. Med seg har ho kjærasten Kim, men relasjonen mellom dei går det heller dårleg med. Kostskulen var tidlegare eit slott, og lærarinna blir oppslukt av historia om spøkelset Celestine, som skal ha blitt mura inne i veggene. Snart byrjar lærarinna sjølv å vandre rundt i gangane om natta, i…
159,- Veil. pris: 179,-Spar: 20,-
Undertittel roman
Forfattere Olga Ravn (forfatter), Inger Bråtveit (oversetter)
Utgitt 27 november 2017
Sjangrer Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252189278
Celestine er ein gåtefull, lyrisk og fortetta roman, der vi møter ei ung lærarinne som flyttar til bygda for å undervise på ein kostskule, samstundes som ho kjempar ein indre kamp med den kaotiske barndommen sin. Med seg har ho kjærasten Kim, men relasjonen mellom dei går det heller dårleg med. Kostskulen var tidlegare eit slott, og lærarinna blir oppslukt av historia om spøkelset Celestine, som skal ha blitt mura inne i veggene. Snart byrjar lærarinna sjølv å vandre rundt i gangane om natta, iført ein kvit kjole, heimsøkt også av spøkelsa frå si eiga fortid som skilsmissebarn. Boka er omsett av Inger Bråtveit. Olga Ravn (f. 1986) er utdanna ved Forfatterskolen i Danmark. Ho er kritikar, omsetjar, forlagsredaktør og har undervist på fleire nordiske forfattarskular. Ravn debuterte i 2012 med Jeg æder mig selv som lyng (til norsk ved Inger Bråtveit i 2016). I 2014 gav ho ut chap-boka Mean girl. Året etter kom Celestine, den første romanen hennar, som ho mottok Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den hvide rose.