Dama med hunden - og andre forteljingar (ebok) av Anton Tsjekhov
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Anton Tsjekhov (forfatter)

Dama med hunden (Skalds klassikarar) ebok

289,-
Anton Tsjekhov skreiv over 200 noveller, i tillegg til skodespela som han er mest kjend for. I tekstane sine skildrar han kvardagen i den russiske provinsen og dei vanskelege vilkåra mange levde under. Tsjekhov vaks sjølv opp i tronge kår, som eitt av seks søsken i byen Taganrog sørvest i det russiske riket. Etter at familien flytta til Moskva, måtte den mindreårige guten klare seg sjølv gjennom skulegangen og tene til livets opphald ved å selje lausvarer. Han fekk seinare stipend til eit medis…
Ebok 289,-

Andre har også kjøpt

Undertittel og andre forteljingar
Forfattere Anton Tsjekhov (forfatter), Geir Pollen (oversetter)
Forlag Skald
Utgitt 1 april 2020
Lengde 293 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Noveller
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788279593034
Anton Tsjekhov skreiv over 200 noveller, i tillegg til skodespela som han er mest kjend for. I tekstane sine skildrar han kvardagen i den russiske provinsen og dei vanskelege vilkåra mange levde under. Tsjekhov vaks sjølv opp i tronge kår, som eitt av seks søsken i byen Taganrog sørvest i det russiske riket. Etter at familien flytta til Moskva, måtte den mindreårige guten klare seg sjølv gjennom skulegangen og tene til livets opphald ved å selje lausvarer. Han fekk seinare stipend til eit medisinstudium i Moskva. Frå slutten av 1880-talet blei skrivinga hovudyrket hans, men han la aldri medisinen heilt frå seg. Tsjekhovs prosa kan i dag lesast som ein presis dokumentasjon av det russiske samfunnet på slutten av 1800-talet, og fleire av tekstane hans har blitt filmatiserte. Utvalet i denne samlinga er omsett av Geir Pollen (f. 1953). Han er forfattar og omsetjar, opphavleg frå Målselv i Troms, men har dei siste tolv åra budd i Russland og undervist ved universiteta i Sankt Petersburg og Moskva. Frå sommaren 2020 er han busett i Oslo. Pollen har skrive og omsett ei rekkje bøker i ulike sjangrar, både på nynorsk og bokmål, og skriv også litteraturkritikk. I 2004 fekk han Kritikarprisen for beste omsetjing for Austerlitz av W. G. Sebald. Anton Pavlovitsj Tsjekhov (1860-1904) er eit av dei store namna i russisk litteratur. Prosaen hans har vore med på å forme den moderne litteraturen og påverka forfattarar som Ernest Hemingway, James Joyce og Virginia Woolf. Hans enkle, korthogde og tidlause stil i tekstar som dreier rundt det eksistensielle i menneskelivet, vekte stor interesse hos dei som var med på å utvikle den moderne short story-sjangeren.