Dei døde (ebok) av James Joyce
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
James Joyce (forfatter)

Dei døde (Skalds klassikarar) ebok

229,-
James Joyces «Dei døde» (1914) er ei av verdas beste noveller. Forteljinga som avslutta samlinga «Dubliners» inneheld alt som gjer Joyce til ein feira forfattar: eit sanseleg språk, bitande ironi og ei brennande interesse for det indre livet til menneska, med dei stivna konvensjonane som ytre tvangstrøyer. At Joyce ikkje heldt noko tilbake og gav eit uforfalska bilete av menneskenaturen slik han såg den, gjer verket hans friskt og gjenkjenneleg også for dei som les han i dag. Dette er første go…
Ebok 229,-

Andre har også kjøpt

Forfattere James Joyce (forfatter), Jon Fosse (oversetter)
Forlag Skald
Utgitt 26 april 2017
Lengde 75 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Noveller
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788279592631
James Joyces «Dei døde» (1914) er ei av verdas beste noveller. Forteljinga som avslutta samlinga «Dubliners» inneheld alt som gjer Joyce til ein feira forfattar: eit sanseleg språk, bitande ironi og ei brennande interesse for det indre livet til menneska, med dei stivna konvensjonane som ytre tvangstrøyer. At Joyce ikkje heldt noko tilbake og gav eit uforfalska bilete av menneskenaturen slik han såg den, gjer verket hans friskt og gjenkjenneleg også for dei som les han i dag. Dette er første gong at ein tekst av James Joyce er gitt ut på nynorsk. James Joyce (1882-1941) er ein av dei mest framståande og nyskapande forfattarane i det 20. hundreåret. Han ønskte å gi ei sannferdig framstilling av menneska og samfunnet dei levde i. Samtida reagerte med sjokk på dei direkte skildringane hans av alkoholisme, urett og seksualitet. Jon Fosse (f. 1959) kjem frå Strandebarm og er no busett i Grotten, statens æresbustad for kunstnarar i Oslo. Fosse er ein av Noregs viktigaste forfattarar og dramatikarar og har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar.