Det står til liv - kortprosa og foto (ebok) av Siri Økland
Legg til i ønskeliste
Siri Økland (forfatter)

Det står til liv ebok

329,-
BORTANFOR: Å forstå at du skal døy er som å få barn, berre med motsett forteikn. Mens du ventar, har du tankar om barnet som skal koma, korleis alt skal bli. Men du kunne ikkje førestilla deg romma som skulle opnast i deg, rom med kjærleik som berre var meint for dette. Salar du ikkje ville kjent om det ikkje var for barna du fekk elska. Slik finst det også andre løynde rom. At me ein gong skal døy, det veit me alle. Men før di tid blir målt opp, strekker ikkje tankekrafta til. Først når du vei…
Ebok 329,-

Andre har også kjøpt

Undertittel kortprosa og foto
Forfattere Siri Økland (forfatter), Siri Økland (annet)
Forlag Samlaget
Utgitt 19 januar 2018
Lengde 101 sider
Sjanger Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252195040
BORTANFOR: Å forstå at du skal døy er som å få barn, berre med motsett forteikn. Mens du ventar, har du tankar om barnet som skal koma, korleis alt skal bli. Men du kunne ikkje førestilla deg romma som skulle opnast i deg, rom med kjærleik som berre var meint for dette. Salar du ikkje ville kjent om det ikkje var for barna du fekk elska. Slik finst det også andre løynde rom. At me ein gong skal døy, det veit me alle. Men før di tid blir målt opp, strekker ikkje tankekrafta til. Først når du veit di tid blir kort, blir romma opna som var meint for denne sorga, denne einsemda. Desse kotta er også dine, her skal du trø inn. Også her finst lys. Gjennom poetiske korttekstar og eigne foto, skildrar Siri Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein skal døy. Ho skaper eit rom for innsikt og ettertanke, både for den som lever tett på sjukdom og den som er open for livet - og ikkje minst den som er begge delar. Siri Økland (f. 1967) er journalist og bur i Bergen. Ho er utdanna litteraturvitar, er gift og har tre barn. Det står til liv er hennar første bok. Gjennom poetiske korttekstar og eigne foto, skildrar Siri Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein skal døy. Ho skaper eit rom for innsikt og ettertanke, både for den som lever tett på sjukdom og den som er open for livet - og ikkje minst den som er begge delar.