Dette er også Noreg - kommunal feelgood (ebok) av Jens Kihl
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Jens Kihl (forfatter)

Dette er også Noreg ebok

299,-
Kommunesamanslåingane har vekt sterke kjensler over heile landet. Journalisten Jens Kihl tok turen til alle landets kommunar for å finne ut kva som ligg bak. Er det fornuft eller føleri? Gjennom ei reise på kryss og tvers i Noreg, frå Nesseby til Nesodden og frå Nissedal til Nordkapp, møter vi menneske som ikkje berre elskar heimstaden sin, men som er brennande engasjerte i skulen, arbeidsplassane, sjukeheimen og strikkeklubben. Noreg blir litt betre av at dei står på. Vi møter Malin som er læ…
Ebok 299,-

Andre har også kjøpt

Undertittel kommunal feelgood
Forfattere Jens Kihl (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 27 august 2019
Lengde 154 sider
Sjanger Politikk og samfunn, Dokumentar og fakta
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252194418
Kommunesamanslåingane har vekt sterke kjensler over heile landet. Journalisten Jens Kihl tok turen til alle landets kommunar for å finne ut kva som ligg bak. Er det fornuft eller føleri? Gjennom ei reise på kryss og tvers i Noreg, frå Nesseby til Nesodden og frå Nissedal til Nordkapp, møter vi menneske som ikkje berre elskar heimstaden sin, men som er brennande engasjerte i skulen, arbeidsplassane, sjukeheimen og strikkeklubben. Noreg blir litt betre av at dei står på. Vi møter Malin som er lærar på Noregs minste skule på Finnskogen. Vi tek turen til trønderordføraren i Røyrvik, ein stad som har vunne noregsmeisterskapen i fråflytting, men som nektar å gi opp. Vi prøver å finne ut kor mykje Bremanger kommune eigentleg brukte på ein tilflyttingsvideo med Madcon. Vi dreg på strikkekafé i Loppa og på kommunessafari med ordføraren i Hasvik. Er kommunereforma i ferd med å rasere det som gjer landet vårt bra, eller er det nettopp slik vi kan sikre gode lokalsamfunn for framtida?