Falle - noveller (ebok) av Rakel Solstad
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Rakel Solstad (forfatter)

Falle ebok

329,-
Ein liten reinflokk tøygde seg som ein usikker tråd bortover dei snødekte fjellrabbane i bakgrunnen, danna ei horisontal rørsle som glei i eitt med landskapet og forsvann. Lét etter seg ei rein, kald synsrand. I ein glimt såg han for seg gravfølgjet utanfrå, ei sakte rørsle etter den snødekte vegen. Snart borte frå landskapet. Ove og han og dei to naboane som bar kista sterkt og høgt på skuldrene sine dette siste stykket. Mora som lét seg bere slik, gjennom snø, kvilande på skuldrene av sønene…
Ebok 329,-

Andre har også kjøpt

Undertittel noveller
Forfattere Rakel Solstad (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 8 september 2015
Lengde 101 sider
Sjanger Noveller, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252187335
Ein liten reinflokk tøygde seg som ein usikker tråd bortover dei snødekte fjellrabbane i bakgrunnen, danna ei horisontal rørsle som glei i eitt med landskapet og forsvann. Lét etter seg ei rein, kald synsrand. I ein glimt såg han for seg gravfølgjet utanfrå, ei sakte rørsle etter den snødekte vegen. Snart borte frå landskapet. Ove og han og dei to naboane som bar kista sterkt og høgt på skuldrene sine dette siste stykket. Mora som lét seg bere slik, gjennom snø, kvilande på skuldrene av sønene sine. Falle er ei samling noveller om det å miste; om å ikkje vite om ein sørgjer rett, om å erkjenne at ein ikkje sørgjer, om sjølv å ville følgje etter, om å hegne om sorga, om å sørgje over ein levande, om forboden sorg.