Fem teaterstykke (ebok) av Jon Fosse
Legg til i ønskeliste
Jon Fosse (forfatter)

Fem teaterstykke ebok

329,-
Bli kjend med Fosses dramatikk. Fosse hadde ein ekstrem dramatisk raptus frå tidleg i 90-åra og nesten tjue år fram i tid, og dramatikken hans femner om tjueåtte skodespel, åtte kortare stykke og tre librettoar. Men kva teaterstykke bør ein lese og kjenne til? Kor skal ein byrje? Jon Fosse har her valt ut fem av dei beste stykka sine, fem stykke som representerer ulike delar av den dramatiske produksjonen hans: "Nokon kjem til å kome", "Namnet", "Draum om hausten", "Svevn" og "Eg er vinde…
Ebok 329,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Jon Fosse (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 29 august 2019
Lengde 512 sider
Sjanger Lyrikk og dramatikk, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234000591
Bli kjend med Fosses dramatikk. Fosse hadde ein ekstrem dramatisk raptus frå tidleg i 90-åra og nesten tjue år fram i tid, og dramatikken hans femner om tjueåtte skodespel, åtte kortare stykke og tre librettoar. Men kva teaterstykke bør ein lese og kjenne til? Kor skal ein byrje? Jon Fosse har her valt ut fem av dei beste stykka sine, fem stykke som representerer ulike delar av den dramatiske produksjonen hans: "Nokon kjem til å kome", "Namnet", "Draum om hausten", "Svevn" og "Eg er vinden". "Nokon kjem til å kome" er det aller første teaterstykket Fosse skreiv. Stykka i denne boka er frå ulike tidspunkt i den dramatiske raptusen, fra. det første stykket Fosse skreiv i 1993, til "Eg er vinden", som hadde urpremiere i 2007. Her får vi både teaterstykke som i det ytre synest som realistiske familiedrama, og tekstar som er meir lyriske, eksperimentelle - nærmast teaterdikt. Jon Fosse har sagt at han skriv om livet, døden, kjærleiken og åndelege sider ved tilværet, og for han handlar dramatikk mellom anna om det usynleges nærvær. Karakterane er ofte historielause og namnlause, språket er kvardagsleg, musikalsk og repeterande. Boka har eit forord av den finlandssvenske skodespelaren Stina Ekblad. Her kan du bli ordentleg kjend med Fosses dramatikk!