Fyrste kjærleik og annan kortare prosa (ebok) av Samuel Beckett
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Samuel Beckett (forfatter)

Fyrste kjærleik og annan kortare prosa (Skalds klassikarar) ebok

249,-
I novella Fyrste kjærleik møter vi ein namnlaus uteliggar utan andre ønske enn å få vere i fred på benken sin. Lulu forstyrrar han, og etterkvart blir han forelska. Fyrste kjærleik var ein av dei første tekstane Beckett skreiv på fransk, rett etter krigen i 1945, men han vart først utgitt i 1970 og på engelsk i 1973. I boka har Jon Fosse valt ut denne saman med fem andre kortare tekstar: Kasta ut, Nok, Pling, Dei farne bort og Løyse. Beckett skreiv smått om det store. Med ei stadig meir mini…
Ebok 249,-
eller Les gratis i appen med EBOK Premium Prøv EBOK Premium gratis i 14 dager

Andre har også kjøpt

Forfattere Samuel Beckett (forfatter), Jon Fosse (oversetter)
Forlag Skald
Utgitt 15 mars 2018
Lengde 119 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Noveller
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788279592792
I novella Fyrste kjærleik møter vi ein namnlaus uteliggar utan andre ønske enn å få vere i fred på benken sin. Lulu forstyrrar han, og etterkvart blir han forelska. Fyrste kjærleik var ein av dei første tekstane Beckett skreiv på fransk, rett etter krigen i 1945, men han vart først utgitt i 1970 og på engelsk i 1973. I boka har Jon Fosse valt ut denne saman med fem andre kortare tekstar: Kasta ut, Nok, Pling, Dei farne bort og Løyse. Beckett skreiv smått om det store. Med ei stadig meir minimalistisk tilnærming sirkla han rundt mennesket sitt komplekse tilvære. Personane i Becketts tekstar verkar på same tid både nyfødde og livstrøytte, og tilbyr lesaren eit nytt og uvant blikk på verda. Mest kjend er nobelprisvinnaren frå 1969 for teaterstykka, men sjølv såg han på prosaen, og særleg dei kortare tekstane, som den viktigaste diktinga si. Samuel Beckett (1906-1989), fødd og oppvasken i Dublin, var ein av dei mest vesentlege forfattarane i det tjuande hundreåret. I 1928 flytta han til Paris og byrja etter kvart å skrive fransk, noko han i hovudsak fortsette med resten av livet. Novelprisvinnaren har hatt ein uvurderleg påverknad på heile den moderne litteraturen frå andre halvdel av førre hundreåret til i dag.