Hard er mitt lands lov - roman (ebok) av Tore Kvæven
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Tore Kvæven (forfatter)

Hard er mitt lands lov ebok

329,-
(3)
Året er 1010. Eit norsk vikingskip ligg i Roma på handel. Ein mann frå dei norrøne nybygdene på Grønland går om bord. Han kjem i krangel med hovdingen i skipet. Orda hans er uforsonlege, og etter ein bitter sverdkamp står han der som drapsmann. Mannskapet vil hemna hovdingen, men grønlendingen staggar dei med ei forteljing om ei gammal fønikisk handelsrute til det indre av Afrika og med løfte om rikdom og ære. Dei lèt seg fanga av orda hans, og då skipet står til havs mot vest, står grønlending…
Ebok 329,- Lydbok 379,-

Andre har også kjøpt

Undertittel roman
Forfattere Tore Kvæven (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 2 november 2012
Lengde 536 sider
Sjanger Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252181500
Året er 1010. Eit norsk vikingskip ligg i Roma på handel. Ein mann frå dei norrøne nybygdene på Grønland går om bord. Han kjem i krangel med hovdingen i skipet. Orda hans er uforsonlege, og etter ein bitter sverdkamp står han der som drapsmann. Mannskapet vil hemna hovdingen, men grønlendingen staggar dei med ei forteljing om ei gammal fønikisk handelsrute til det indre av Afrika og med løfte om rikdom og ære. Dei lèt seg fanga av orda hans, og då skipet står til havs mot vest, står grønlendingen til rors som ny hovding på Havjerven. Dermed har ei skjebnesvanger reise starta, og under leiinga til Ulfr og hans nådelause gudar, seglar skipet til kjende og ukjende strender, det kryssar opne hav og til sist blir det rodd opp ei veldig flod og inn i ei ny verd. Der skal det visa seg at Ulfr si historie rommar langt meir enn det han har fortalt, og at mennene ikkje aner kva dei har gjeve seg ut på. Hard er mitt lands lov er ein stor episk roman om eit vikingtokt til det indre av Afrika. Tore Kvæven (f. 1969) bruker si eiga erfaring frå reiser i Afrika, og inspirert av islendingsogene og med eit vell av historisk kunnskap tek han lesaren med på eit uforgløymeleg tokt.
Betingelser for brukergenerert innhold Legg til din egen vurdering

Fantastisk historie ! Håper å se den som film en gang