Høyreluren (ebok) av Leonora Carrington
Legg til i ønskeliste
Leonora Carrington (forfatter)

Høyreluren ebok

329,-
Surrealistisk klassikar. «Ein av dei mest originale, gledelege og visjonære romanane i det 20. hundreåret», har den britiske forfattaren Ali Smith uttalt om Leonora Carringtons meisterverk «The Hearing Trumpet» frå 1974. Romanen byrjar med at 92-årige Marian Leatherby blir tvinga på pleieheim av sonen og svigerdottera. Her blir ho dradd inn i ein labyrint av underlege og etter kvart livsfarlege hendingar. På veggen i matsalen heng eit måleri av ei mystisk abbedisse, som blunkar til henne…
Ebok 329,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Leonora Carrington (forfatter), Gunstein Bakke (oversetter)
Forlag Samlaget
Utgitt 18 januar 2022
Lengde 201 sider
Sjanger Fantasy og science fiction, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234005268
Surrealistisk klassikar. «Ein av dei mest originale, gledelege og visjonære romanane i det 20. hundreåret», har den britiske forfattaren Ali Smith uttalt om Leonora Carringtons meisterverk «The Hearing Trumpet» frå 1974. Romanen byrjar med at 92-årige Marian Leatherby blir tvinga på pleieheim av sonen og svigerdottera. Her blir ho dradd inn i ein labyrint av underlege og etter kvart livsfarlege hendingar. På veggen i matsalen heng eit måleri av ei mystisk abbedisse, som blunkar til henne. Når Marian får tak i ei bok om abbedissa sitt liv, blir vi med fleire hundre år tilbake i tid til eit oppdrag for å bringe den heilage gralen attende til sin rettmessige eigar, gudinna Venus. «Høyreluren» er ei vilt fabulerande, humoristisk og satirisk forteljing, eit sprudlande, feministisk manifest og ein kommentar til det mannsdominerte samfunnet si rovdrift på naturen. Boka er omsett frå engelsk av Gunstein Bakke. Susanne Christensen har skrive eit etterord. «Denne boka er så inspirerande [...] Eg elskar fridomen og humoren i boka og at ho skaper sine eigne lover.» - Björk «Denne vesle boka gjorde eit kraftfullt inntrykk på meg.» - Olga Tokarczuk