Mørker mørke mørkt krystallar (ebok) av Ann Jäderlund
Legg til i ønskeliste
Ann Jäderlund (forfatter)

Mørker mørke mørkt krystallar ebok

329,-
Mørker mørke mørkt krystallar frå 1994 blir av mange rekna som ei av dei viktigaste bøkene i Ann Jäderlunds forfattarskap. Ho kom midt i ein serie av bøker som utmerkjer seg ved tilsynelatande strenge ytre former. Den trokeiske rytmen ber alt som blir sagt gjennom heile boka, og gestaltar tydeleg tid og rom, steg og nærvær. Denne karakteristiske rytmen er blitt brukt av Jäderlund seinare i forfattarskapen i ulike former. Boka er ordna som ein gang gjennom årstidene, frå ein vinter til den neste…
Ebok 329,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Ann Jäderlund (forfatter), Gunstein Bakke (oversetter), Gunnar Wærness (oversetter)
Forlag Samlaget
Utgitt 27 november 2017
Lengde 78 sider
Sjanger Lyrikk og dramatikk, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252192292
Mørker mørke mørkt krystallar frå 1994 blir av mange rekna som ei av dei viktigaste bøkene i Ann Jäderlunds forfattarskap. Ho kom midt i ein serie av bøker som utmerkjer seg ved tilsynelatande strenge ytre former. Den trokeiske rytmen ber alt som blir sagt gjennom heile boka, og gestaltar tydeleg tid og rom, steg og nærvær. Denne karakteristiske rytmen er blitt brukt av Jäderlund seinare i forfattarskapen i ulike former. Boka er ordna som ein gang gjennom årstidene, frå ein vinter til den neste, der mellom anna tre, lauv, vatn, geit, fugl og menneske blir skildra og omskrivne i seriar, der små endringar i perspektiv og stadige gjenkomstar utvidar både tida og rommet. Gjendikta frå svensk av Gunstein Bakke og Gunnar Wærness. Ann Jäderlund (f. 1955) er svensk forfattar, først og fremst lyrikar, men har også skrive dramatikk. Sidan debuten Vimpelstaden i 1985 har ho konsekvent følgt ei eiga linje: Ho lèt ikkje berre orda ha det innhaldet dei har i kvardagsspråket, men gjennom å la språket synge vinn ho ut nye og løyndomsfulle tydingar frå orda. Rytmen er viktig i hennar dikt, og ho held seg gjerne med visse ord, som etter kvart får sterke ladingar.