Om talekunst (ebok) av Marcus Tullius Cicero
Legg til i ønskeliste
Marcus Tullius Cicero (forfatter)

Om talekunst (Aschehoug ebok) ebok

159,-
(0)
"Om talekunst", "De Oratore", er eit meisterverk innan latinsk prosa. Med denne utgåva finst det endeleg komplett på norsk. "Om talekunst" består av tre bøker, og vart til ikring året 55, på ei tid da Cicero var tvinga til å dra seg ut av det politiske livet. Dei er skrivne som samtalar eller dialogar, "slik Aristoteles brukte å gjera det", skriv han i eit brev. Eit av dei sentrale tema Cicero tek opp, er om brei filosofisk og litterær danning er eit naudsynt vilkår i ein opplyst offentleg tal…
Ebok 159,-
eller Les gratis i appen med EBOK Premium Prøv EBOK Premium gratis i 14 dager
Undertittel De oratore I-III - tre dialogar skrivne til broren Quintus
Forfattere Marcus Tullius Cicero (forfatter), Hermund Slaattelid (oversetter)
Forlag Aschehoug
Utgitt 9 oktober 2012
Lengde 315 sider
Sjangrer Fagbøker, Språk og ordbøker
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788203218491
"Om talekunst", "De Oratore", er eit meisterverk innan latinsk prosa. Med denne utgåva finst det endeleg komplett på norsk. "Om talekunst" består av tre bøker, og vart til ikring året 55, på ei tid da Cicero var tvinga til å dra seg ut av det politiske livet. Dei er skrivne som samtalar eller dialogar, "slik Aristoteles brukte å gjera det", skriv han i eit brev. Eit av dei sentrale tema Cicero tek opp, er om brei filosofisk og litterær danning er eit naudsynt vilkår i ein opplyst offentleg tale. Er talaren ein spesialist på faget kommunikasjon på same måten som ein bonde har forstand på landbruk og skodespelarar duger til å gje eit drama liv på scenen? Eller bør han vera ein forstandig kar som i tillegg til talegavene sine har store kunnskapar på alle felt og mykje praktisk skjøn, og som difor kan snakka klokt og utførleg om dei fleste saker, i eit fagert og hoveleg språk? Talekunst handlar om å overtyde, om korleis ein tale bør byggjast opp, om val av ord og stilnivå og om ei god framføring. Men ingen kan vere ein god talar, seier Cicero, utan at han er eit anstendig menneske - talaren må vera truverdig om folk skal festa lit til han.