Seg til inkjes (ebok) av Lars Svisdal
Legg til i ønskeliste
Lars Svisdal (forfatter)

Seg til inkjes ebok

262,- Veil. pris: 299,-Spar: 37,-
(0)
Sterk romandebut! 18 år gamle Gjøa dreg frå ein heim prega av skilsmisse for å jobbe ein sommarsesong på Fægrane, ei turisthytte øvst i ein fjelldal ein stad på nordvestlandet. I 29 år har Olaug og Gunnar Fægrane drive hytta, med Olaug som dominerer kvar minutiøse detalj med pragmatikk og varige mein av for omfattande arbeidsmengd og for trong økonomi, og Gunnar som gjer så lite som mogleg. Sonen deira, Ingebrigt, er komen heim for sommaren frå eit halvhjarta studentliv, og har svært lite lyst…
262,- Veil. pris: 299,-Spar: 37,-
Undertittel roman
Forfattere Lars Svisdal (forfatter)
Forlag Gyldendal
Utgitt 27 september 2018
Sjangrer Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788205518025
Sterk romandebut! 18 år gamle Gjøa dreg frå ein heim prega av skilsmisse for å jobbe ein sommarsesong på Fægrane, ei turisthytte øvst i ein fjelldal ein stad på nordvestlandet. I 29 år har Olaug og Gunnar Fægrane drive hytta, med Olaug som dominerer kvar minutiøse detalj med pragmatikk og varige mein av for omfattande arbeidsmengd og for trong økonomi, og Gunnar som gjer så lite som mogleg. Sonen deira, Ingebrigt, er komen heim for sommaren frå eit halvhjarta studentliv, og har svært lite lyst til å ta hand om drifta av turisthytta. Gjøa får etter kvart eit fortruleg forhold til Ingebrigt, og det blir eit haldepunkt for henne når ho merkar konsekvensane av den utageringa som frustrasjonen over familiesituasjonen heime har drive henne til. Seg til inkjes er ei forteljing om å sitje fast og å ville vekk, om mødrer og søner, om vaffelsteiking og nattlege fisketurar, om opprør og eldgamle nabokonfliktar - og om å freiste å halde fram så godt ein kan, for ikkje å gjere seg til inkjes.