Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Betzy Kjelsberg ebok
299,-
Betzy kjelsberg (1866-1950) blei gjennom eit langt liv heile Norges Betzy. Kvinnesaksforkjemparen gjorde mykje ingen kvinner hadde gjort før henne.
Her følgjer vi Betzy Kjelsberg som ei av dei første kvinnene i bystyret i Drammen, som ein sentral person i den norske kvinnerørsla, som fabrikkinspektør gjennom 25 år, og som ein aktiv representant for Norge både på internasjonale arbeidskonferansar (ILO) og i Det internasjonale kvinnerådet (ICW). Som den første kvinnelege fabrikkinspektøren i l…
Ebok
299,-
Undertittel
feminist og brubyggjar
Forlag
Samlaget
Utgitt
7 august 2017
Lengde
408 sider
Sjanger
Biografier, Dokumentar og fakta
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788252190779
Betzy kjelsberg (1866-1950) blei gjennom eit langt liv heile Norges Betzy. Kvinnesaksforkjemparen gjorde mykje ingen kvinner hadde gjort før henne.
Her følgjer vi Betzy Kjelsberg som ei av dei første kvinnene i bystyret i Drammen, som ein sentral person i den norske kvinnerørsla, som fabrikkinspektør gjennom 25 år, og som ein aktiv representant for Norge både på internasjonale arbeidskonferansar (ILO) og i Det internasjonale kvinnerådet (ICW). Som den første kvinnelege fabrikkinspektøren i landet sette ho seg i respekt hos arbeidsgivarane og vann tillit hos arbeidarane. Ho gjorde ein stor innsats for å betre arbeidsforholda og arbeidsmiljølovgivinga i industrien, for åttetimarsdag og lønt fødselspermisjon, og mot barnearbeid og overtid.
Betzy Kjelsberg var også aktiv feminist, kvinneorganisator og politikar. Ho stifta mange kvinneorganisasjonar og var i partiet Venstre den første og einaste kvinna i landsstyret frå 1918 til 1938. I 1928 var det mange som etterlyste ei kvinne i regjeringa. Kvifor blei ikkje Betzy Kjelsberg sosialminister?
Magnhild folkvord (f. 1945) er utdanna adjunkt. Frå 1999 til 2013 arbeidde Folkvord som journalist i Klassekampen. Folkvord har også gitt ut biografien Fredrikke Marie Qvam. Rabaldermenneske og strateg (2013).