Legg til i ønskeliste
På line over livet ebok
149,-
Om lag tretten år har gått sidan Olav Bjelland i psykotisk tilstand sjokkerte heimbygda si med sin fryktelege ugjerning. Etter lang tids opphald på ein institusjon vender han, som vaksen mann, tilbake til samfunnet.
«På line over livet» er den andre og siste delen av historia om Olav Bjelland og kampen hans for å halda hovudet over vatnet. Om mogleg er denne boka fylt med endå fleire misantropiske ytringar frå det forvirra sinnet til Olav, men sjølvsagt også spekka med lettbeint humor og hob…
Ebok
149,-
Forlag
Hetland Media
Sjanger
Dokumentar og fakta, Politikk og samfunn, Skjønnlitteratur
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788293201052
Om lag tretten år har gått sidan Olav Bjelland i psykotisk tilstand sjokkerte heimbygda si med sin fryktelege ugjerning. Etter lang tids opphald på ein institusjon vender han, som vaksen mann, tilbake til samfunnet.
«På line over livet» er den andre og siste delen av historia om Olav Bjelland og kampen hans for å halda hovudet over vatnet. Om mogleg er denne boka fylt med endå fleire misantropiske ytringar frå det forvirra sinnet til Olav, men sjølvsagt også spekka med lettbeint humor og hobbyfilosofering i kjent Terøy-stil.
Olav slit framleis med å finna sin plass i verda, og til å hjelpa seg får han den rutinerte psykologen Øystein Amundsen.
Doktor Amundsen er anerkjend som ein av dei store ekspertane innan humanistisk psykologi, men han manglar framleis ei storbragd for å bli skriven inn i historiebøkene. Så dukkar det plutseleg opp ein svært uvanleg pasient på klientlista hans, drapsdømde Olav Bjelland. Med håp om å hjelpa Olav sitt innfløkte sinn, viklar Amundsen seg inn i eit spesielt pasientforhold som får konsekvensar for både privatlivet og karrieren hans.