Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Språkspor ebok
359,-
Korleis kan staden brukast som kjelde til læring i norskfaget? Denne boka viser korleis by- og bygderomma rundt oss er ei utømmeleg kjelde til å lære om språk. I denne rikt illustrerte boka gjev forfattarane ein lett tilgjengeleg inngang til korleis læraren kan bruke staden i arbeid med tema som språkhistorie, namngjeving, talespråkleg variasjon og haldningar, normering og språkpolitikk, nabospråk, nasjonale minoritetsspråk og fleirspråklegheit, og slik leggje til rette for aktiv og utforskande…
Ebok
359,-
Undertittel
språk, stad og didaktikk
Forlag
Fagbokforlaget
Utgitt
20 oktober 2024
Lengde
224 sider
Sjanger
Fagbøker, Språk og litteratur, Pedagogikk, Samfunnsvitenskap
Språk
Bokmål
Format
epub
DRM-beskyttelse
LCP
ISBN
9788245056594
Korleis kan staden brukast som kjelde til læring i norskfaget? Denne boka viser korleis by- og bygderomma rundt oss er ei utømmeleg kjelde til å lære om språk. I denne rikt illustrerte boka gjev forfattarane ein lett tilgjengeleg inngang til korleis læraren kan bruke staden i arbeid med tema som språkhistorie, namngjeving, talespråkleg variasjon og haldningar, normering og språkpolitikk, nabospråk, nasjonale minoritetsspråk og fleirspråklegheit, og slik leggje til rette for aktiv og utforskande læring i skulen. Lesaren møter også kapittel om læraren si profesjonsfaglege tilnærming til språket på staden, om forankringa i LK20 og potensialet for djupnelæring, og dessutan korleis metoden kan nyttast i tverrfagleg arbeid. Trude Bukve (fødd 1986) er førsteamanuensis i norsk og norsk som andrespråk ved Høgskulen på Vestlandet. Bukve er oppteken av fleirspråklegheit, språkpolitikk og opplevingar av språk og læring i utdanning. Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er oppteken av tekst, språkbruk og språkbrukarar. Samuele Mascetti (fødd 1991) er høgskulelektor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Han underviser i språkdidaktikk og forskar særleg på språkhistorie.