Legg til i ønskeliste
Høyreluren ebok
329,-
Surrealistisk klassikar.
«Ein av dei mest originale, gledelege og visjonære romanane i det 20. hundreåret», har den britiske forfattaren Ali Smith uttalt om Leonora Carringtons meisterverk «The Hearing Trumpet» frå 1974.
Romanen byrjar med at 92-årige Marian Leatherby blir tvinga på pleieheim av sonen og svigerdottera. Her blir ho dradd inn i ein labyrint av underlege og etter kvart livsfarlege hendingar. På veggen i matsalen heng eit måleri av ei mystisk abbedisse, som blunkar til henne…
Ebok
329,-
Forlag
Samlaget
Utgitt
18 januar 2022
Lengde
201 sider
Sjanger
Fantasy og science fiction, Skjønnlitteratur
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788234005268
Surrealistisk klassikar.
«Ein av dei mest originale, gledelege og visjonære romanane i det 20. hundreåret», har den britiske forfattaren Ali Smith uttalt om Leonora Carringtons meisterverk «The Hearing Trumpet» frå 1974.
Romanen byrjar med at 92-årige Marian Leatherby blir tvinga på pleieheim av sonen og svigerdottera. Her blir ho dradd inn i ein labyrint av underlege og etter kvart livsfarlege hendingar. På veggen i matsalen heng eit måleri av ei mystisk abbedisse, som blunkar til henne. Når Marian får tak i ei bok om abbedissa sitt liv, blir vi med fleire hundre år tilbake i tid til eit oppdrag for å bringe den heilage gralen attende til sin rettmessige eigar, gudinna Venus.
«Høyreluren» er ei vilt fabulerande, humoristisk og satirisk forteljing, eit sprudlande, feministisk manifest og ein kommentar til det mannsdominerte samfunnet si rovdrift på naturen.
Boka er omsett frå engelsk av Gunstein Bakke. Susanne Christensen har skrive eit etterord.
«Denne boka er så inspirerande [...] Eg elskar fridomen og humoren i boka og at ho skaper sine eigne lover.» - Björk
«Denne vesle boka gjorde eit kraftfullt inntrykk på meg.» - Olga Tokarczuk