Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Raudt støv (Raudt støv #1) ebok
288,-
TERNINGKAST 6 - Valerie Kubens, Fædrelandsvennen.
Mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore Kvæven. Nominert til Sørlandets litteraturpris!
Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak røter og breie bregnar i Malaysias jungel. Dei er i fiendens habitat, jakta av avanserte blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei skal venda attende til australsk jord, eller om dei til sist skal gå i eitt…
Ebok
288,-
Lydbok
306,-
Andre har også kjøpt
Undertittel
Bok 1 : roman
Forlag
Samlaget
Utgitt
13 oktober 2023
Lengde
279 sider
Sjanger
Fantasy og science fiction, Skjønnlitteratur
Serie
Raudt støv
Nummer i serie
1
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788234006937
TERNINGKAST 6 - Valerie Kubens, Fædrelandsvennen.
Mektig dystopi frå brageprisvinnar Tore Kvæven. Nominert til Sørlandets litteraturpris!
Året er 2060. Generalløytnant John Arnhem og elitesoldatane hans ligg skjult bak røter og breie bregnar i Malaysias jungel. Dei er i fiendens habitat, jakta av avanserte blodhundar som kan fanga opp lukter med konsentrasjonar ned til enkeltmolekyl. Det er her det blir avgjort om dei skal venda attende til australsk jord, eller om dei til sist skal gå i eitt med regnskogens evigvarande fukt og stank.
Den verdsomspennande krigen har vart i 17 år. I Australia er det berre ein liten by i nordvest som enno klarer å halde stand mot fienden. Sentralt i forsvaret står John Arnhems spesialeining Dronningas jegerar. Men krigen og alt John Arnhem har trudd på, er i endring. Den sigeren han ein gong trudde han skulle oppleva, synest fjernare enn nokon gong.
Medan krigsmaskineriet rullar fram i all sin brutalitet, finst naturen der, også den full av elende, men òg av livskraft. Medan menneska manøvrerer mot sin eigen undergang, gjer villhestane som dei alltid har gjort, dei følgjer flokken og instinktet og gjer kva dei kan for å overleve.