Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Slaget på Vigrid (Song for Eirabu #1) ebok
199,-
For at den gamle spådomen om verdas ende skal bli røyndom, har tre søstre blitt avla fram av den eldste volva og den eldste av gudane, utstyrte med vilje og krefter dei sjølv er uvitande om. Rundt dei sørgjar ulike maktar og skapnader for at dei skal bli skikka til å gå lagnaden i møte. \u000b\u000bDronning mot offerprestinne\u000bDå dei to eldste jentene, Ragna og Berghitte, blir 14 og 15 år, er tida inne for at dei skal innvies i oppgåvene dei er esla til. Ragna vert opplært som offerprestinn…
Ebok
199,-
Forlag
Tiden
Utgitt
29 mars 2011
Lengde
555 sider
Sjanger
Fantasy og science fiction, Skjønnlitteratur
Serie
Song for Eirabu
Nummer i serie
1
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788205416116
For at den gamle spådomen om verdas ende skal bli røyndom, har tre søstre blitt avla fram av den eldste volva og den eldste av gudane, utstyrte med vilje og krefter dei sjølv er uvitande om. Rundt dei sørgjar ulike maktar og skapnader for at dei skal bli skikka til å gå lagnaden i møte. \u000b\u000bDronning mot offerprestinne\u000bDå dei to eldste jentene, Ragna og Berghitte, blir 14 og 15 år, er tida inne for at dei skal innvies i oppgåvene dei er esla til. Ragna vert opplært som offerprestinne i eit kongedøme, mens Berghitte blir dronning i eit anna. Det går mot krig mellom dei to kongedøma, og soleis òg mellom dei to søstrene. Kaoskreftar er i sving, og dette blir ei forteljing om spennet mellom gamle spådomar og eigen vilje, age for gudane og hug og lengt etter makt. \u000b\u000bEigne val mot gamle spådomar\u000bPsykologen og debutanten Kristine Tofte (f. 1970) har med Song for Eirabu skapt eit fiktivt univers med utspring i norrøne mytar, fylt med kvinnelege hovudpersonar, offerprestinner, gudar og andre mytiske skapnader. Menneska si vilje og eigne val blir sett opp mot gamle spådomar og gudane sine krefter. Med psykologisk innsikt og eit sikkert og litterært språk gjer Tofte kampen mot verdas undergang levande og gripande for lesaren.