Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Brent ord ebok
329,-
Sjokkerande om vår nære kulturhistorie.
«Jeg fatter ikke at vi kunne gjøre noe så dumt. Det er jo å gi alle argumentene til motparten. Den som har tent det første bokbålet, er for alltid skjendet.» Ole Paus
I Europa har bøker brunne i minst 800 år. Makthavarar og opprørarar har brent skrifter for å fjerne tru og meiningar, kunnskap og kultur.
I «Brent ord» avslører forfattaren at det brann fleire bokbål mot språk i Noreg enn i noko anna vestleg land i fredstid på 1900-talet. Dei som me…
Ebok
329,-
Undertittel
bokbål mot språk i Noreg 1912-2005
Forlag
Samlaget
Utgitt
18 januar 2022
Lengde
369 sider
Sjanger
Dokumentar og fakta, Historie, Politikk og samfunn
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788234007491
Sjokkerande om vår nære kulturhistorie.
«Jeg fatter ikke at vi kunne gjøre noe så dumt. Det er jo å gi alle argumentene til motparten. Den som har tent det første bokbålet, er for alltid skjendet.» Ole Paus
I Europa har bøker brunne i minst 800 år. Makthavarar og opprørarar har brent skrifter for å fjerne tru og meiningar, kunnskap og kultur.
I «Brent ord» avslører forfattaren at det brann fleire bokbål mot språk i Noreg enn i noko anna vestleg land i fredstid på 1900-talet. Dei som meinte dei representerte fleirtalet, brukte fysisk og symbolsk vald mot språk dei ville utrydde eller ikkje ha noko med å gjere. Bøker på nynorsk og samnorsk blei brende, hengde, drukna og jordfesta av di dei var skrivne på feil språk.
Brennarane var unge menneske med den høgaste allmennutdanninga i landet. No kjem dei til orde. Dei som meiner at dei fekk rett til slutt. Dei som tvilte då dei tende på. Ho som nekta å vere med. Han som bed om orsaking. Politiske miljø leika med elden og skapte eit meiningsklima som gjorde det lett å tenne på.
Forfattaren går tett på båla som brann, dei som tende fyrstikkene, og kva båla førte til. Etter «Brent ord» er ikkje norsk kulturhistorie om vår nære fortid det den var.