 
    
    
    Legg til i ønskeliste
    
    
      Les gratis utdrag
    
    
Budeiene ebok
  
  
  299,-
  
Premium
        
        
        
      Stølskulturen er på Unesco si verdsarvliste! Kunnskapen og erfaringa til budeiene er lyfta opp. Vi har hatt stølar og budeier over heile landet, og mange har budeier bakover i slekta. Budeiene dreiv og driv små bedrifter i utmarka – hardt arbeid, men òg eit friare liv. På stølen var det kvinnene som bestemte. Dei sjølvstendige og sjølvhjelpne budeiene imponerte og inspirerte. Dei irriterte også. Dei var ikkje underdanige nok, og dei vart oversett og motarbeidt av betrevitande embetsmenn. Budeie…
  
    Ebok
    299,-
  
  
    Undertittel
    døtrer av naturen : om budeieliv frå 1850 til i dag
  
  
  
  
    Forlag
    Kolofon
  
  
  
    Utgitt
    7 mars 2025
    
  
  
  
  
    Lengde
    295 sider
  
  
  
    Sjanger
    
      Dokumentar og fakta, Historie, Politikk og samfunn
    
  
  
  
  
    Språk
    Nynorsk
  
  
    Format
    epub
  
  
    DRM-beskyttelse
    Vannmerket
  
  
    ISBN
    9788230028681
  
Stølskulturen er på Unesco si verdsarvliste! Kunnskapen og erfaringa til budeiene er lyfta opp. Vi har hatt stølar og budeier over heile landet, og mange har budeier bakover i slekta. Budeiene dreiv og driv små bedrifter i utmarka – hardt arbeid, men òg eit friare liv. På stølen var det kvinnene som bestemte. Dei sjølvstendige og sjølvhjelpne budeiene imponerte og inspirerte. Dei irriterte også. Dei var ikkje underdanige nok, og dei vart oversett og motarbeidt av betrevitande embetsmenn. Budeiene har skaffa landet mat gjennom tusenvis av år, vi hadde ikkje overlevd utan dei. Av stølsmjølka får ein gode produkt, ho er kanskje verdas beste. Den gjestmilde budeia var ein trygg base i fjellet. Ho hadde mat og seng, ho lokka og song til seg dyr, kunstnarar, turistar og friarar. Budeiene levde i og med naturen, og nokon kjende på at dei delte stølen med haugafolk, dei underjordiske. Budeiene vil gjerne at fleire skal få kjennskap til arbeidet deira. Denne boka gir deg det. Budeiene er kvinnehistorie, kulturhistorie og landbrukshistorie. Det er på tide dei får den merksemda dei fortener.
       
         
            
            
            
            
         
            
            
            
            
         
            
            
         
            
            
            
            
         
            
            
            
            
        