En kort introduksjon til Sovjetunionen (ebok) av Kåre Johan Mjør
Legg til i ønskeliste
Kåre Johan Mjør (forfatter)

En kort introduksjon til Sovjetunionen (En kort introduksjon) ebok

210,- Veil. pris: 239,-Spar: 29,-
Denne boka er ei aktuell og oppdatert framstilling av Sovjetunionens historie, frå revolusjonane i 1917 og unionsavtalen i 1922, til oppløysinga i 1991. Sovjetunionen var eit heilt sentralt kapittel i europeisk og global 1900-talshistorie, og verda er framleis prega av arven frå unionen, 30 år etter at han forsvann. Sovjetunionen var eit forsøk på å skapa ein stat for den frigjorde arbeidarklassen og for frigjorde nasjonar. Dei sovjetiske folka var li…
Ebok 210,- Lydbok 288,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Kåre Johan Mjør (forfatter)
Utgitt 3 november 2023
Lengde 230 sider
Sjanger Dokumentar og fakta, Historie
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse LCP
ISBN 9788202828875
Denne boka er ei aktuell og oppdatert framstilling av Sovjetunionens historie, frå revolusjonane i 1917 og unionsavtalen i 1922, til oppløysinga i 1991. Sovjetunionen var eit heilt sentralt kapittel i europeisk og global 1900-talshistorie, og verda er framleis prega av arven frå unionen, 30 år etter at han forsvann. Sovjetunionen var eit forsøk på å skapa ein stat for den frigjorde arbeidarklassen og for frigjorde nasjonar. Dei sovjetiske folka var likevel ikkje frie, og Sovjetunionen kom til å bli ei vidareføring av Det russiske imperiet frå før 1917. I unionen av sovjetrepublikkar fanst det mange spenningar mellom sentralmakta i Moskva og dei ulike regionane, og sovjetisk nasjonsbygging og nasjonsundertrykking får ein sentral plass i boka. Dei ulike kapitla tek også føre seg den marxistisk-leninistiske ideologien og eittpartistaten, og syner korleis Sovjetunionen vaks fram som eit storstilt og brutalt moderniseringsprosjekt med planøkonomi og femårsplanar, fangeleirar, utreinskingar og deportasjonar, men også med ein rik litterær produksjon og eit kulturliv som påverka ei heil verd.