Eg får aldri sjå verda igjen (ebok) av Ahmet Altan
Legg til i ønskeliste
Ahmet Altan (forfatter)

Eg får aldri sjå verda igjen ebok

299,-
(1)
I september 2016 blir både Ahmet Altan og broren Mehmet arresterte i Erdogans angrep på den frie pressa etter det mislykka kuppforsøket sommaren 2016. Altan skal ha komme med grunnlovsstridige kommentarar, mellom anna gitt ei «underbevisst melding» til kuppmakarane då han kritiserte presidenten i eit prateshow på TV. Våren 2018 blir han dømd til fengsel på livstid. I dag sit han i fengselet Silivri i utkanten av Istanbul, utan rett til besøk anna enn frå den næraste familien og advokaten sin, u…
Ebok 299,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Ahmet Altan (forfatter), Gunvald Axner Ims (oversetter)
Forlag Samlaget
Utgitt 5 februar 2019
Lengde 178 sider
Sjanger Kunst og kultur, Politikk og samfunn, Biografier, Dokumentar og fakta
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252197570
I september 2016 blir både Ahmet Altan og broren Mehmet arresterte i Erdogans angrep på den frie pressa etter det mislykka kuppforsøket sommaren 2016. Altan skal ha komme med grunnlovsstridige kommentarar, mellom anna gitt ei «underbevisst melding» til kuppmakarane då han kritiserte presidenten i eit prateshow på TV. Våren 2018 blir han dømd til fengsel på livstid. I dag sit han i fengselet Silivri i utkanten av Istanbul, utan rett til besøk anna enn frå den næraste familien og advokaten sin, under streng sensur, utan rett til å søkje om nåde. Ahmet Altan skildrar augneblinken då politiet kom og henta han tidleg ein morgon, rettssaka, dommen og livet i fengsel. Eg får aldri sjå verda igjen er ei urovekkjande, men også poetisk og vakker bok, om Tyrkias veg mot diktaturet, om kampen for menneskeverd - og om litteraturen og fantasiens kraft. Boka er omsett frå tyrkisk av Gunvald Axner Ims.