Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Oppdateringar frå lykkelandet ebok
299,-
Kva skjer i den nyaste litteraturen? Har du høyrt rykte om at den nyaste skjønnlitteraturen er humørlaus og sjølvoppteken? Det stemmer slett ikkje, skal vi tru Marta Norheim, ein av Noregs mest kjende kritikarar. I boka Oppdateringar frå lykkelandet guidar ho deg inn i det nye litterære landskapet. Materialet er utvalde bøker frå norsk skjønnlitterær prosa, romanar, noveller og korttekstar. Bøkene er i all hovudsak skrivne av forfattarar som har debutert etter 2005. Kva skriv dei nye forfattara…
Ebok
299,-
Undertittel
røff guide til samtidslitteraturen
Forlag
Samlaget
Utgitt
27 november 2017
Lengde
395 sider
Sjanger
Dokumentar og fakta, Kunst og kultur
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788252194203
Kva skjer i den nyaste litteraturen? Har du høyrt rykte om at den nyaste skjønnlitteraturen er humørlaus og sjølvoppteken? Det stemmer slett ikkje, skal vi tru Marta Norheim, ein av Noregs mest kjende kritikarar. I boka Oppdateringar frå lykkelandet guidar ho deg inn i det nye litterære landskapet. Materialet er utvalde bøker frå norsk skjønnlitterær prosa, romanar, noveller og korttekstar. Bøkene er i all hovudsak skrivne av forfattarar som har debutert etter 2005. Kva skriv dei nye forfattarane om, og korleis?
For ti år sidan kom den første Røff guide til samtidslitteraturen. Marta Norheim har granska kva som har skjedd sidan den gong. Ti år er ikkje lenge, men overraskande nok fann Norheim ut at bøkene har andre tematikkar i dag. I dag blir det skrive om miljø og klima som aldri før, barndommen står svakare, men dei gamle er solid representerte, og den mannlege outsideren har fått selskap av den kvinnelege outsideren, noko som neppe er til trøyst for verken menn eller kvinner. Den nye litteraturen handlar om alt, med nokre interessante unntak, meiner Norheim.
Boka er for alle som ønskjer å vite meir om samtidslitteraturen, lystlesarar så vel som fagfolk.
Marta Norheim (f. 1955) er cand.philol. og har i fleire år arbeidd med litteraturprogram i NRK radio, mellom anna Boktilsynet og Kulturnytt. Ho har blitt kåra til «Årets litteraturkritikar». I 2007 gav ho ut Røff guide til samtidslitteraturen. I 2012 kom essaysamlinga Friksjonar, som ho fekk Språkprisen for.