Seigmen - Total (ebok) av Even Smith Wergeland
149,-
I OKTOBER 1994 kom albumet som løfta Seigmen opp frå undergrunnen til den norske mainstreamen. Total blei spelt inn i Studio Nova i Spydeberg med legendariske Sylvia Massy som produsent. Det var ei påkosta satsing som lønna seg i form av gode salstal og lovord frå kritikarane. Samtidig var både Total og Seigmen gjenstand for innfløkte diskusjonar om alt frå sjanger via image til sellout-problemat…
I OKTOBER 1994 kom albumet som løfta Seigmen opp frå undergrunnen til den norske mainstreamen. Total blei spelt inn i Studio Nova i Spydeberg med legendariske Sylvia Massy som produsent. Det var ei påkosta satsing som lønna seg i form av gode salstal og lovord frå kritikarane. Samtidig var både Total og Seigmen gjenstand for innfløkte diskusjonar om alt frå sjanger via image til sellout-problematikk. Det mangfaldige 90-talet, der meir var lov enn på 80-talet, men slett ikkje alt, er eit viktig bakteppe for denne boka, som ser nærare på korleis Total vart til, korleis det vart motteke i norsk musikkpresse og kva slags status det har i dag. Det siste punktet medfører eit ubehageleg spørsmål: Gir det eigentleg meining å snakke om norske albumklassikarar på eit tidspunkt der både albumformatet og den musikken som definerte det er i ferd med å gå ut på dato? Even Smith Wergeland (f. 1981) er førsteamanuensis ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, med arkitekturhistorie som spesialfelt. Dei siste perioden har han jobba med ei bok om lydstudioarkitektur, Sonic Heritage: The Architecture and Geography of Sound Studios, som kjem ut på Routledge i 2024. Wergeland har også erfaring som musikar og spelar for tida i progbandet Great Galactic Ghoul.
Ebok 149,-

Andre har også kjøpt

Undertittel Total
Forfattere Even Smith Wergeland (forfatter)
Forlag eboknorden as
Utgitt 15.04.2025
Lengde 69 sider
Sjanger Kunst og kultur, Dokumentar og fakta
Språk Bokmål
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788284630564