
Legg til i ønskeliste
Seigmen (Norske albumklassikere) ebok
149,-
I OKTOBER 1994 kom albumet som løfta Seigmen opp frå undergrunnen til den norske mainstreamen. Total blei spelt inn i Studio Nova i Spydeberg med legendariske Sylvia Massy som produsent. Det var ei påkosta satsing som lønna seg i form av gode salstal og lovord frå kritikarane. Samtidig var både Total og Seigmen gjenstand for innfløkte diskusjonar om alt frå sjanger via image til sellout-problematikk. Det mangfaldige 90-talet, der meir var lov enn på 80-talet, men slett ikkje alt, er eit viktig …
Ebok
149,-
Undertittel
Total
Forlag
eboknorden as
Lengde
69 sider
Sjanger
Kunst og kultur, Dokumentar og fakta
Serie
Norske albumklassikere
Språk
Bokmål
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788284630564
I OKTOBER 1994 kom albumet som løfta Seigmen opp frå undergrunnen til den norske mainstreamen. Total blei spelt inn i Studio Nova i Spydeberg med legendariske Sylvia Massy som produsent. Det var ei påkosta satsing som lønna seg i form av gode salstal og lovord frå kritikarane. Samtidig var både Total og Seigmen gjenstand for innfløkte diskusjonar om alt frå sjanger via image til sellout-problematikk. Det mangfaldige 90-talet, der meir var lov enn på 80-talet, men slett ikkje alt, er eit viktig bakteppe for denne boka, som ser nærare på korleis Total vart til, korleis det vart motteke i norsk musikkpresse og kva slags status det har i dag. Det siste punktet medfører eit ubehageleg spørsmål: Gir det eigentleg meining å snakke om norske albumklassikarar på eit tidspunkt der både albumformatet og den musikken som definerte det er i ferd med å gå ut på dato?
Even Smith Wergeland (f. 1981) er førsteamanuensis ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, med arkitekturhistorie som spesialfelt. Dei siste perioden har han jobba med ei bok om lydstudioarkitektur, Sonic Heritage: The Architecture and Geography of Sound Studios, som kjem ut på Routledge i 2024. Wergeland har også erfaring som musikar og spelar for tida i progbandet Great Galactic Ghoul.