Legg til i ønskeliste
Småstubbar ebok
149,-
Den norske kulturarva er prega av ein sterk forteljartradisjon, med røter i mellom anna folkeeventyr og segner. I uminnelege tider har folk skapt, utvikla og vidareført forteljingar.
Forteljingar blir skapt heile tida, i heile verda, og mange av forteljingane har overlevd i titals eller hundrevis av år. Etter kvart som forteljingane har blitt vidareført – frå stad til stad, eller frå generasjon til generasjon – har dei ofte blitt tilpassa folk, natur og miljø. Slik har det blitt fleire varia…
Ebok
149,-
Undertittel
Soger, segner og sanne historier
Forlag
Hetland Media
Lengde
114 sider
Sjanger
Dokumentar og fakta, Kunst og kultur
Språk
Nynorsk
Format
pdf
DRM-beskyttelse
Ingen
ISBN
9788293201045
Den norske kulturarva er prega av ein sterk forteljartradisjon, med røter i mellom anna folkeeventyr og segner. I uminnelege tider har folk skapt, utvikla og vidareført forteljingar.
Forteljingar blir skapt heile tida, i heile verda, og mange av forteljingane har overlevd i titals eller hundrevis av år. Etter kvart som forteljingane har blitt vidareført – frå stad til stad, eller frå generasjon til generasjon – har dei ofte blitt tilpassa folk, natur og miljø. Slik har det blitt fleire variantar av éi og same forteljing.
Munlege forteljingar var, og er framleis, ein effektiv måte å overføra kunnskap, samtidig som dei er god underhaldning og avkopling frå lange og harde arbeidsdagar, eller tyngjande bekymringar. Tidlegare var forteljingar òg med på å ufarleggjera troll, huldrer og andre underjordiske skapningar som folk trudde på.
Mesteparten av forteljingane i boka er tidlegare skrivne ned av Torkell Mauland, Tor Skiftun, Johannes Arneson og Johannes Gill. Redaktørane har modernisert språket og stilen, slik at du kan lesa denne kulturarva som underhalding, eller vidareføra dei rike forteljartradisjonane ved å fortelja til andre.