Dødsbu - dikt (ebok) av Øyvind Rangøy
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Øyvind Rangøy (forfatter)

Dødsbu ebok

179,-
Han reiste frå ei levande bygd på norskekysten, med sjarkar og fisk og bilete på veggene av båtar og menn. Eit halvt liv seinare vender han tilbake fordi nokon er død. Bygda er ikkje som før - eller er det han som ikkje er det? Kva gjer tida med menneske og stader, landskap og næringsvegar? Kva blir borte? Kva held stand? Og kva går over i noko anna? Dødsbu er ei bok om det ein arvar og dei ein arvar det frå, det ein var og det ein er - og om kvifor ting ikkje berre få kan vere slik dei aldri …
Ebok 179,- Lydbok 189,-
eller Les gratis i appen med EBOK Premium Prøv EBOK Premium gratis i 14 dager

Andre har også kjøpt

Undertittel dikt
Forfattere Øyvind Rangøy (forfatter)
Forlag Aschehoug
Utgitt 5 juli 2021
Lengde 79 sider
Sjanger Lyrikk og dramatikk, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788203368639
Han reiste frå ei levande bygd på norskekysten, med sjarkar og fisk og bilete på veggene av båtar og menn. Eit halvt liv seinare vender han tilbake fordi nokon er død. Bygda er ikkje som før - eller er det han som ikkje er det? Kva gjer tida med menneske og stader, landskap og næringsvegar? Kva blir borte? Kva held stand? Og kva går over i noko anna? Dødsbu er ei bok om det ein arvar og dei ein arvar det frå, det ein var og det ein er - og om kvifor ting ikkje berre få kan vere slik dei aldri har vore. Kan hende eg såg deg frå sida den dagen - såg deg sjå opp utan å sjå heile biletet «Merk den fine balansen mellom kulturskildringa og det spesifikke (...) dei [dikta] er skrivne med ei stødig hand som veit kva ho gjer.» Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen «Uvanleg sterk norsk diktdebut med ramsalte bilete frå eit blåsande øysamfunn og eksistensielle spørsmål om liv og død.» Knut Ødegård, Vårt Land «Dikta til Øyvind Rangøy verkar mogne og kombinerer ein sterk rytmisk impuls med ei fascinerande biletskapande evne.» Sindre Ekrheim, Dag og Tid «Rangøy skriv med varmt hjarte og skarpt, om enn nostalgisk, blikk om ein liten plass på norskekysten. Det gjer han i eit språk som er slåande presist og vakkert.» Anne Cathrine Straume, NRK