Legg til i ønskeliste
Gunnhild, kona til Eirik Blodøks ebok
159,-
I eit blandingstidpunkt mellom år 900 og vår tid vaknar dronning Gunnhild, kona til Eirik Blodøks, opp i ei sjukeheimsseng. Ho føler på seg at hennar hovudfiende, skalden Egil Skallagrimsson, er på veg, og ho bestemmer seg for at dette er det siste høvet ho har til å få endra oppfatninga ettertida har hatt av henne som ei vond, maktgrisk og herskesjuk dronning. Tenaren hennar, Apollonia, Baudelaire sin advokat i rettssaka mot han i 1857, har derimot sleppt taket i alle hemntankar, men hjelper l…
Ebok
159,-
Undertittel
skodespel
Forlag
Kolon
Utgitt
26 september 2023
Lengde
70 sider
Sjanger
Skjønnlitteratur, Lyrikk og dramatikk
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788205591950
I eit blandingstidpunkt mellom år 900 og vår tid vaknar dronning Gunnhild, kona til Eirik Blodøks, opp i ei sjukeheimsseng. Ho føler på seg at hennar hovudfiende, skalden Egil Skallagrimsson, er på veg, og ho bestemmer seg for at dette er det siste høvet ho har til å få endra oppfatninga ettertida har hatt av henne som ei vond, maktgrisk og herskesjuk dronning. Tenaren hennar, Apollonia, Baudelaire sin advokat i rettssaka mot han i 1857, har derimot sleppt taket i alle hemntankar, men hjelper likevel til. Og som alltid dukkar Rottejomfrua opp, med sine evinnelege spørsmål om kva som eigentleg gneg inst i hugen, og vesle Eyolf kan ikkje gjere anna enn å henge sørgmodig etter.