Ingen - dikt (ebok) av Alice Oswald
Legg til i ønskeliste
Alice Oswald (forfatter)

Ingen ebok

329,-
Det urgamle og det samtidige Ingen er ei havbok, der tid og lagnader og menneskeliv speglar seg i denne alltid omskiftelege materien som vi kallar vatn. Forteljingane kring Odyssevs og Agamemnon dannar eit ekko-rom for desse dikta, og røysta som talar, er vind-gjennomblåsen og vasstrekt. Ho tilhøyrer havet sjølv. Eit hav som er like urgamalt som det er samtidig. Kven er det som seier slikt det er berre tidevatnet rennande som eit rykte over havbotnen eller kven er det som teier still n…
Ebok 329,-

Andre har også kjøpt

Undertittel dikt
Forfattere Alice Oswald (forfatter), Paal-Helge Haugen (oversetter)
Forlag Samlaget
Utgitt 10 februar 2021
Lengde 93 sider
Sjanger Lyrikk og dramatikk, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234004513
Det urgamle og det samtidige Ingen er ei havbok, der tid og lagnader og menneskeliv speglar seg i denne alltid omskiftelege materien som vi kallar vatn. Forteljingane kring Odyssevs og Agamemnon dannar eit ekko-rom for desse dikta, og røysta som talar, er vind-gjennomblåsen og vasstrekt. Ho tilhøyrer havet sjølv. Eit hav som er like urgamalt som det er samtidig. Kven er det som seier slikt det er berre tidevatnet rennande som eit rykte over havbotnen eller kven er det som teier still når ringen til nokon på handa til ingen søkk som eit auga inn i mørkret og vinden fell og vatnet skrik seg stumt kven er det som talar seier ho min ven kven er det som vaktar meg attom dine augnelokk Gjendikta av Paal-Helge Haugen. Alice Oswald (f. 1966) vart nyleg utnemnd til Oxford Professor of Poetry. Ingen (Nobody, 2019) er den åttande diktsamlinga hennar, og ho blir rekna for å vere blant dei aller viktigaste nolevande poetane i Storbritannia. Dette er første gong Alice Oswald blir utgitt på norsk.