Landskap med vindturbinar - dikt (ebok) av Thor Magnus Tangerås
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Thor Magnus Tangerås (forfatter)

Landskap med vindturbinar ebok

299,-
Om det tragiske forholdet menneska har til naturen. Me elskar den urørte naturen, og likevel øydelegg me han. Me treng han til å driva intensivt jord- og skogbruk, til bygging av vegar og hyttefelt - og til vindkraft. Me kallar det «arealregulering». Og sjølv om me prøver å snu utviklinga, vert landskapet forvandla. Villmark vert til illmark, og artar døyr. Me kallar det «eit grønt skifte». Korkje reinsdyr, bekkar, fuglar eller planter kan setta seg opp mot inngrepa og overgrepa. Kan me protes…
Ebok 299,-

Andre har også kjøpt

Undertittel dikt
Forfattere Thor Magnus Tangerås (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 19 februar 2024
Lengde 137 sider
Sjanger Lyrikk og dramatikk, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234012303
Om det tragiske forholdet menneska har til naturen. Me elskar den urørte naturen, og likevel øydelegg me han. Me treng han til å driva intensivt jord- og skogbruk, til bygging av vegar og hyttefelt - og til vindkraft. Me kallar det «arealregulering». Og sjølv om me prøver å snu utviklinga, vert landskapet forvandla. Villmark vert til illmark, og artar døyr. Me kallar det «eit grønt skifte». Korkje reinsdyr, bekkar, fuglar eller planter kan setta seg opp mot inngrepa og overgrepa. Kan me protestera mot oss sjølve? Eller må me berre sørga i sympati med andre skapningar? Dette er dikt om framandlekamar i jordkroppen. Om landskap med vindturbinar. Om sprenging i fjell og punktering av myrar. Om det tragiske forholdet menneska har til naturen. Er det protestdikt eller elegiar? Er dikta lyriske eller satiriske? Kan poesien både ta bladet frå munnen og fly av garde på ørnevenger? Tangerås gjev ord til dei stemmelause, og tek språket attende frå dei som omskriv sanninga. RONDELET vinternatt i Tindafjellet, bitande vind i vinternatt bitande tindevind og bin av tindrande rubinar i turbintårnas toppar lysets emissærar, landterner i vinternatt