Dama med hunden - og andre forteljingar (ebok) av Anton Tsjekhov
Gratis utdrag
Anton Tsjekhov (forfatter)

Dama med hunden (Skalds klassikarar) ebok

289,-
Anton Tsjekhov skreiv over 200 noveller, i tillegg til skodespela som han er mest kjend for. I tekstane sine skildrar han kvardagen i den russiske provinsen og dei vanskelege vilkåra mange levde under. Tsjekhov vaks sjølv opp i tronge kår, som eitt av seks søsken i byen Taganrog sørvest i det russiske riket. Etter at familien flytta til Moskva, måtte den mindreårige guten klare seg sjølv gjennom …
Anton Tsjekhov skreiv over 200 noveller, i tillegg til skodespela som han er mest kjend for. I tekstane sine skildrar han kvardagen i den russiske provinsen og dei vanskelege vilkåra mange levde under. Tsjekhov vaks sjølv opp i tronge kår, som eitt av seks søsken i byen Taganrog sørvest i det russiske riket. Etter at familien flytta til Moskva, måtte den mindreårige guten klare seg sjølv gjennom skulegangen og tene til livets opphald ved å selje lausvarer. Han fekk seinare stipend til eit medisinstudium i Moskva. Frå slutten av 1880-talet blei skrivinga hovudyrket hans, men han la aldri medisinen heilt frå seg. Tsjekhovs prosa kan i dag lesast som ein presis dokumentasjon av det russiske samfunnet på slutten av 1800-talet, og fleire av tekstane hans har blitt filmatiserte. Utvalet i denne samlinga er omsett av Geir Pollen (f. 1953). Han er forfattar og omsetjar, opphavleg frå Målselv i Troms, men har dei siste tolv åra budd i Russland og undervist ved universiteta i Sankt Petersburg og Moskva. Frå sommaren 2020 er han busett i Oslo. Pollen har skrive og omsett ei rekkje bøker i ulike sjangrar, både på nynorsk og bokmål, og skriv også litteraturkritikk. I 2004 fekk han Kritikarprisen for beste omsetjing for Austerlitz av W. G. Sebald. Anton Pavlovitsj Tsjekhov (1860-1904) er eit av dei store namna i russisk litteratur. Prosaen hans har vore med på å forme den moderne litteraturen og påverka forfattarar som Ernest Hemingway, James Joyce og Virginia Woolf. Hans enkle, korthogde og tidlause stil i tekstar som dreier rundt det eksistensielle i menneskelivet, vekte stor interesse hos dei som var med på å utvikle den moderne short story-sjangeren.
Ebok 289,-

Flere bøker av samme forfatter

Andre har også kjøpt

Undertittel og andre forteljingar
Forfattere Anton Tsjekhov (forfatter), Geir Pollen (oversetter)
Forlag Skald
Utgitt 01.04.2020
Lengde 293 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Noveller
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788279593034