Legg til i ønskeliste
Du er ikkje normal ebok
329,-
Leikent og melankolsk om å stå utanfor og kikke inn
I Sortlands nye novellesamling møter vi folk som av ulike grunnar tek val som er litt utanfor normalen: forfattarar som skriv kortprosa i staden for bestseljande romanar, eller foreldre som vil ha barna sine i nynorskklasse. Eller personane står på andre måtar litt i utkanten av det som skjer: læraren som har sin siste dag på skulen før pensjon, den fråskilde mannen som sender dickpics til utvalde kvinner på telefonlista, mannen som forsøk…
Ebok
329,-
Undertittel
noveller
Forlag
Samlaget
Utgitt
18 september 2019
Lengde
136 sider
Sjanger
Noveller, Skjønnlitteratur
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788252198614
Leikent og melankolsk om å stå utanfor og kikke inn
I Sortlands nye novellesamling møter vi folk som av ulike grunnar tek val som er litt utanfor normalen: forfattarar som skriv kortprosa i staden for bestseljande romanar, eller foreldre som vil ha barna sine i nynorskklasse. Eller personane står på andre måtar litt i utkanten av det som skjer: læraren som har sin siste dag på skulen før pensjon, den fråskilde mannen som sender dickpics til utvalde kvinner på telefonlista, mannen som forsøkjer å vere i forkant av trendane som stadig dukkar opp, og kjøper inn utstyr for fuglekikking. Den tidlegare alkoholikaren som har vore nykter i eitt år og dreg på klatretur med ein kamerat, mannen som kjem heim og oppdagar at ein annan har flytta inn til familien, og at han sjølv er blitt ein tilskodar til det som burde vore hans eige liv.
Dei prøver alle å finne ut av ting og spreller litt når livet dreg dei med seg i uante retningar. Men hjelper det? Stort sett ikkje. Sortlands tekstar er humoristiske og leikne, men rommar som alltid ein melankoli knytt til det å stå utanfor og kikke inn.