Berge Furre - eit liv i rørsle (ebok) av Arnhild Skre
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Arnhild Skre (forfatter)

Berge Furre ebok

329,-
Mannen som skapte og skreiv noregshistorie. «Høvding» og «bauta» blei Berge Furre kalla då han døydde i 2016, 78 år gammal. Landet rundt mante minneorda fram den skjegløygde SV-leiaren, historikaren og presten, kjend gjennom debattar, pensumbøker og preiker over eit halvt hundreår. Nekrologane vektla den stabile og trygge Furre, men då det omfattande arkivet hans blei opna for biografen, såg ho at dette bildet måtte brytast opp. Kristentru, sosialisme, målsak og fredssak prega Berge…
Ebok 329,-

Andre har også kjøpt

Undertittel eit liv i rørsle
Forfattere Arnhild Skre (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 14 oktober 2022
Lengde 655 sider
Sjanger Biografier, Dokumentar og fakta, Politikk og samfunn
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252192438
Mannen som skapte og skreiv noregshistorie. «Høvding» og «bauta» blei Berge Furre kalla då han døydde i 2016, 78 år gammal. Landet rundt mante minneorda fram den skjegløygde SV-leiaren, historikaren og presten, kjend gjennom debattar, pensumbøker og preiker over eit halvt hundreår. Nekrologane vektla den stabile og trygge Furre, men då det omfattande arkivet hans blei opna for biografen, såg ho at dette bildet måtte brytast opp. Kristentru, sosialisme, målsak og fredssak prega Berge Furres liv, men biografen syner oss også prestestudenten som miste trua. Vi blir kjende med fredsvenen som hamna i naiv beundring for DDR. Kampen mot EU gjorde han til folketalar, avsmaken mot jappetida førte han tilbake til kyrkja. Som stortingsmann for SV kjempa Furre fram tverrpolitisk semje om betre bondekår, men han skapte splid med lovbrot og risikerte riksrett då han offentleggjorde hemmelegstempla dokument om amerikanske militære peilestasjonar i Noreg. I biografien om Berge Furre og hans tid trer eit undrande, intenst, rastlaust og strategisk handlande menneske fram. Omdiskutert til det siste. Ein mann i rørsle, eit levande menneske.