Vindmøllekampen - historia om eit folkeopprør (ebok) av Anders Totland
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Anders Totland (forfatter)

Vindmøllekampen ebok

299,-
Kvifor reiser folket seg til kamp mot vindkrafta? Kvifor har motstanden mot vindkraft eksplodert i Noreg? Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje…
Ebok 299,-

Andre har også kjøpt

Undertittel historia om eit folkeopprør
Forfattere Anders Totland (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 1 mars 2021
Lengde 294 sider
Sjanger Politikk og samfunn, Dokumentar og fakta
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234004384
Kvifor reiser folket seg til kamp mot vindkrafta? Kvifor har motstanden mot vindkraft eksplodert i Noreg? Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet er prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje klarte i 1945. Anders Totland har reist land og strand rundt for å forstå kva i alle dagar det er som skjer. Han tar oss blant anna med til Trøndelag og den store, nasjonale mobiliseringa på Frøya, til starten på organisasjonen Motvind, til Sognefjorden der lokalpolitikarane kjempar iherdig mot utbyggingskåte selskap, og til Andøya der vindkraftmotstandarane har sigra. Totland viser korleis storpolitikken utspelar seg dag for dag, med stadig fleire kritiske blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest opptatt er han av menneska. Kva er det som får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som triggar og driv og får elden til å spreia seg frå sjel til sjel, og folk til å halda ut - år etter år? Anders Totland (f. 1986) er busett på Valen i Sunnhordland. Han er utdanna samfunnsvitar og har skrive ei rekke bøker i ulike sjangrar dei siste åra, også tre sakprosabøker for ungdom. Totland har ti års røynsle som journalist i Haugesunds Avis, Kvinnheringen og Sunnhordland.