Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Å vere ein annan (Skalds klassikarar) ebok
289,-
Fernando Pessoas forfattarskap er ein portugisisk nasjonalskatt, og sanneleg er det ei skattejakt vi er med på når vi skal dykke ned i eit livsverk som på slutten av Pessoas liv var ei stor kiste full av papir. Dei over 25 000 lause manuskriptsidene, gav ettertida gåter som enno ikkje er løyste. Pessoa la tekstane sine i munnen på fiktive forfattarar som han kalla heteronym - ei oppteljing viser 136 ulike fiktive forfattaridentitetar. Å vere ein annan er ei samling tekstar valt ut av omsetjar …
Ebok
289,-
Undertittel
poesi og prosa i utval
Forlag
Skald
Utgitt
7 desember 2022
Lengde
319 sider
Sjanger
Romaner, Skjønnlitteratur
Serie
Skalds klassikarar
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788279593447
Fernando Pessoas forfattarskap er ein portugisisk nasjonalskatt, og sanneleg er det ei skattejakt vi er med på når vi skal dykke ned i eit livsverk som på slutten av Pessoas liv var ei stor kiste full av papir. Dei over 25 000 lause manuskriptsidene, gav ettertida gåter som enno ikkje er løyste. Pessoa la tekstane sine i munnen på fiktive forfattarar som han kalla heteronym - ei oppteljing viser 136 ulike fiktive forfattaridentitetar. Å vere ein annan er ei samling tekstar valt ut av omsetjar Øystein Vidnes som i mange år har arbeidd med Fernando Pessoas litterære verk. Tekstane er sett opp kronologisk og fører oss tett inn på dei mest kjende forfattarstemmene: gjetardiktaren Alberto Caeiro, futuristen Álvaro de Campos, klassisisten Ricardo Reis, den inneslutta drøymaren Bernardo Soares, den mangfaldige Fernando Pessoa sjølv og ei handfull andre. Med denne boka får vi eit levande utsnitt av mangfaldet i Pessoas verk, som viser korleis forfattaren i heimlandet både kan vere ein folkekjær diktar og ein nyskapande analytikar av det moderne sjølvet, ein som tok seg sjølv frå kvarandre for å studere bitane. Enkelte av tekstane har først sett lys dei siste åra, og er for ein stor del framleis ukjende for dei aller fleste lesarar utanfor Portugal. Den portugisiske forfattaren Fernando Pessoa (1888-1935) levde eit tilbaketrekt liv som kontorist i Lisboa, men er i dag rekna som ein av dei store europeiske modernistane, på linje med namn som James Joyce, Franz Kafka, Virginia Woolf og Robert Musil. På same måten som Joyce gjennom litteraturen sin er knytt til heimbyen Dublin, og Kafka til Praha, Woolf til London, Musil til Wien, er Pessoa uløyseleg knytt til Lisboa og til heimlandet Portugal, der han er eit folkekjært allemannseige.