Arbeidet mitt - roman (ebok) av Olga Ravn
Gratis utdrag
Olga Ravn (forfatter)

Arbeidet mitt ebok

329,-
TERNINGKAST 6 - Fartein Horgar, Adresseavisen. Oppgjer med morsrolla. Forfattaren Anna er i sjokk etter å ha fødd sitt fyrste barn. Ho og kjærasten Aksel fell motvillig inn i gamle kjønnsroller, og Anna føler seg åleine om dette enorme nye ansvaret. Ho vert råka av ein altoppslukande angst. På randa av eit mentalt samanbrot kjenner ho korleis det å vera seg sjølv og det å vera mor blir mots…
TERNINGKAST 6 - Fartein Horgar, Adresseavisen. Oppgjer med morsrolla. Forfattaren Anna er i sjokk etter å ha fødd sitt fyrste barn. Ho og kjærasten Aksel fell motvillig inn i gamle kjønnsroller, og Anna føler seg åleine om dette enorme nye ansvaret. Ho vert råka av ein altoppslukande angst. På randa av eit mentalt samanbrot kjenner ho korleis det å vera seg sjølv og det å vera mor blir motsetningar, og korleis det å skriva og vera mor samstundes blir umogleg. Korleis skal ein handtera den skamma som oppstår når ein ikkje kan kjenna seg att i samfunnet sitt tronge normalitetsomgrep? «Arbeidet mitt» er ei bok om den radikale erfaringa det er å verta mor, om skitentøy, skriving og shopping og om å læra å elska det engstelege og opne i livet med barn. For romanen fekk Olga Ravn Politikens litteraturpris i 2020. Boka er sett om til norsk av Inger Bråtveit. Olga Ravn (f. 1986) er ein dansk forfattar, kritikar og forlagsredaktør. Ho debuterte i 2012 med Eg et meg sjølv som lyng. Året etter kom romanen Celestine, som ho fekk Michael Strunge-prisen for. I 2016 kom diktboka Den kvite rosa, og i 2018 romanen «Dei tilsette», som vart kortlista til Den internasjonale Booker-prisen. Sagt om «Mit arbejde» (2020): Terningkast fem. «Tittelen er først tvitydig; arbeid og identitet er ikkje einstydande. Arbeid er noko ein kan gå til og frå utan å legge sjela si i det. Noko som er uhøyrt for myten knytt til det å vere mor. [...] Sakte [...] verkar det som Anna og eget aksepterer at ein kan vere ei mor som ikkje sjølv må døy for å gi liv til barnet. At ein ikkje er eitt med barnet.» - Marie Louise Wedel Bruun, Berlingske
Ebok 329,-

Flere bøker av samme forfatter

Andre har også kjøpt

Undertittel roman
Forfattere Olga Ravn (forfatter), Inger Bråtveit (oversetter)
Forlag Samlaget
Utgitt 05.05.2022
Lengde 429 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Romaner
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788234006203