Bruene - roman (ebok) av Tarjei Vesaas
Gratis utdrag
Tarjei Vesaas (forfatter)

Bruene ebok

149,-
"Den silande vinden frå det fjerne, og den store gamle steinbrua over straumen. Der landevegen går. Brua mørk i muren, steinane bitne av tiders nedbør, sol og vind, høg og herskande i landskapet. Fjellsida på den eine kanten hindrar ikkje brua frå å synast og gjera seg gjeldande – modig bygd, i lange spenn.Ein straum som ser ut som stillvatn.Ei elv som er for djup og mektig til at rørslene viser …
Ebok 149,-

Flere bøker av samme forfatter

Andre har også kjøpt

Undertittel roman
Forfattere Tarjei Vesaas (forfatter)
Forlag Gyldendal
Utgitt 2012
Lengde 159 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Romaner
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788205443211

"Den silande vinden frå det fjerne, og den store gamle steinbrua over straumen. Der landevegen går. Brua mørk i muren, steinane bitne av tiders nedbør, sol og vind, høg og herskande i landskapet. Fjellsida på den eine kanten hindrar ikkje brua frå å synast og gjera seg gjeldande – modig bygd, i lange spenn.

Ein straum som ser ut som stillvatn.

Ei elv som er for djup og mektig til at rørslene viser seg – på denne flate dalbotnen. Ingen krusning av straum mot steinar. Svære vass-masser sig av stad her dag og natt, og ingen kjem det i hug dersom han ikkje blir mint om det. Det er eit glidande djup som dreg forbi utan kvile."

Tarjei Vesaas' siste roman er ei historie om bruene mellom menneske, om tre ungdomar som vert knytt samen etter ei grufull hending.