Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Der nåden finst (Claus Hjelle) ebok
329,-
"Den nynorske terroristen" Claus Hjelle er tilbake i Sogn etter terapitimar i Oslo. I desse timane har det kome opp ting som han absolutt må snakke med mora om. Før det er gjort, kan han ikkje reise heim til Bergen. Det er vanskelege ting han vil spørje mora om, Claus finn ikkje det rette tidspunktet, og dagane og vekene går. I mellomtida møter han Johnny att, ein han gjekk saman med på skulen, og det oppstår ein vennskap mellom dei to som alltid har vore så ulike. Denne vennskapen får uventa f…
Ebok
329,-
Undertittel
roman
Forlag
Samlaget
Utgitt
5 november 2012
Lengde
276 sider
Sjanger
Romaner, Skjønnlitteratur
Serie
Claus Hjelle
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788252181807
"Den nynorske terroristen" Claus Hjelle er tilbake i Sogn etter terapitimar i Oslo. I desse timane har det kome opp ting som han absolutt må snakke med mora om. Før det er gjort, kan han ikkje reise heim til Bergen. Det er vanskelege ting han vil spørje mora om, Claus finn ikkje det rette tidspunktet, og dagane og vekene går. I mellomtida møter han Johnny att, ein han gjekk saman med på skulen, og det oppstår ein vennskap mellom dei to som alltid har vore så ulike. Denne vennskapen får uventa følgjer for Claus Hjelle. Der nåden finst er tredje og siste band i serien om den tidlegare journalisten Claus Hjelle og hans kamp med språket og galskapen. Boka er eit frittståande framhald av Nordvegen (2003) og Nattbussen (2007). Som "bonusspor" finn du i denne e-boka også dei to første romanane i trilogien.