Eg kjem tilbake (ebok) av Lars Petter Sveen
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Lars Petter Sveen (forfatter)

Eg kjem tilbake (Aschehoug ebok) ebok

149,-
Premium
"Eg kjem tilbake" er ein roman som skil seg ut frå kva ein er vant med å lese i norsk samtidsprosa. Tarjei Vesaas debutantprisvinnar Lars Petter Sveen har skrive ei actionfylt historie som trekk vekslar på westernsjangeren. Det er ei fortelling som på same tid er skremmande og vakker, brutal og vanskeleg, og som prøver å vise kva menneske er i stand til. Med eit språk som er poetisk og effektivt, er "Eg kjem tilbake" først og fremst ei drivande og spennande bok. "For sin første, novellesamlinge…
Ebok 149,- Lydbok 189,-
eller Les gratis i appen med EBOK Premium Prøv EBOK Premium gratis i 14 dager

Andre har også kjøpt

Forfattere Lars Petter Sveen (forfatter)
Forlag Aschehoug
Utgitt 20 mars 2012
Lengde 218 sider
Sjanger Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788203199905
"Eg kjem tilbake" er ein roman som skil seg ut frå kva ein er vant med å lese i norsk samtidsprosa. Tarjei Vesaas debutantprisvinnar Lars Petter Sveen har skrive ei actionfylt historie som trekk vekslar på westernsjangeren. Det er ei fortelling som på same tid er skremmande og vakker, brutal og vanskeleg, og som prøver å vise kva menneske er i stand til. Med eit språk som er poetisk og effektivt, er "Eg kjem tilbake" først og fremst ei drivande og spennande bok.
"For sin første, novellesamlingen «Køyre frå Fræna» (2008), fikk han Tarjei Vesaas' debutantpris - dersom det finnes en tilsvarende pris for bok nummer to, kan den tildeles Sveen med det samme!
For maken til litterært talent skal man lete lenge etter. (...) Gjennom et usedvanlig vakkert og poetisk språk setter Sveen leseren inn i en verden uten håp og kjærlighet, uten noe sted å søke dekning. Det er imponerende gjort."
Sigrun Hodne, Stavanger Aftenblad

"Midt i vanvitet, boka er spennande, og språket flyt slik det skal hos ein Vesaas-prisvinnar."
Bjarne Tveiten, Fædrelandsvennen (terningkast 5)

"I 'Eg kjem tilbake' tek Sveen ei ny retning, til ei oppdikta og skrudd verd som blir like verkeleg som innsida av handa di, og det stadfester at ein stor forfattar har begynt å visa seg (...) Blodet dryp, kulene susar og det er eit høgt, lesverdig tempo gjennom heile romanen.
Slike actionfylte romanar fell gjennom om dei ikkje har dette andre nivået, men Sveen er dyktig (...) Sveen har skrive tett til beinpipene om dei verste tinga i mennesket."
Vidar Kvalshaug, Aftenposten

"Lars Petter Sveen framstår i det hele tatt som svært stilsikker, til tider er det som jeg hører Hjortefot bak meg."
Erlend Røyset, Klassekampen

"Alt i alt les eg teksten som ein allegori over dei fundamentale livsvilkåra i verda. Og eg må seie at eg er fascinert over retninga Sveen har gått med bok nummer to, og framleis nyfiken."
Merete Røsvik Granlund, Dag og Tid

"Lars Petter Sveen skriv uhyggeleg og godt... [Han] strekkkjer seg mot store forbilde [Vesaas, Conrad og McCarthy] og han gjer det utan å få noko å skjemmast over ... Sveen fekk Tarjei Vesaas debutantpris i 2008. Eg har dessverre ikkje fått lest novellesamlinga hans "Køyre frå Fræna", men det ser eg verkeleg fram til å gjere."
Nora Simonhjell, Morgenbladet