Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Lausgjengar (Skalds klassikarar) ebok
279,-
«Lausgjengar»skildrar det turbulente livet til ei ung omstreifande kvinne i Japan på 1920-talet. Ho går frå jobb til jobb, alltid kortvarige, aldri godt betalte. Ho er alltid blakk, opplever vonbrot etter vonbrot, men gir aldri opp. Av lengten - etter mat, ein stad å bu, pengar og kjærleik - skaper forfattarenein ny og djerv litteratur frå undersida av det japanske samfunnet. Hayashis debutverk kan lesast som eit opprør mot den klassiske japanske dagboktradisjonen, der aristokratiske kvinner s…
Ebok
279,-
Undertittel
notat frå eit ustadig liv
Forlag
Skald
Utgitt
19 juni 2021
Lengde
260 sider
Sjanger
Skjønnlitteratur, Romaner
Serie
Skalds klassikarar
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788279593294
«Lausgjengar»skildrar det turbulente livet til ei ung omstreifande kvinne i Japan på 1920-talet. Ho går frå jobb til jobb, alltid kortvarige, aldri godt betalte. Ho er alltid blakk, opplever vonbrot etter vonbrot, men gir aldri opp. Av lengten - etter mat, ein stad å bu, pengar og kjærleik - skaper forfattarenein ny og djerv litteratur frå undersida av det japanske samfunnet. Hayashis debutverk kan lesast som eit opprør mot den klassiske japanske dagboktradisjonen, der aristokratiske kvinner skreiv vakre dagbøker fylte av dikt om ulukkeleg kjærleik. Inspirert mellom anna av Knut Hamsuns Sult, skreiv Hayashi med utgangspunkt i sitt eige liv, rått, upolert og direkte, men òg med stor humor og poesi. Ho er ingen intellektuell forfattar, ingen sofistikert, høglitterær stilist, men skriv i eit språk som verkartilforlateleg og folkeleg der ho kombinerer modernisme med munnlegforteljarstil. Då boka kom ut, vart ho straks ein suksess og er i dag eit av dei mest vesentlege verka i Japans litteraturkanon.FumikoHayashi (1903-1951) er ein av dei mest folkekjære forfattarane i moderne japansk litteratur. Ho vaks opp som barn av to omstreifandekremmarar og levde frå hand til munn til ho var langt opp i tjueåra. Ho fekk lite skulegang, men byrja skrive litterært allereie som tenåring. Hayashi vart med i ein radikal kunstnarkrets i Tokyo, med anarkistar og dadaistar som ville fornye kunsten og braut med konvensjonar. I verka sine kombinerte Hayashi det avantgardistiske med det folkelege, og ho skildra fattigdom, krig og kjærleik fråeitkvinneleg perspektiv.