Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Mare ebok
329,-
Solveig går i land på øya som er Europas siste utpost før Afrika. Ho sym tusenmeter på tusenmeter i det krystallklare vatnet. For nokre få år sidan gjekk ein båt ned her, åtte hundre meter ut i havet. 368 menneske drukna. Har Solveig eit morbid ønske om å symje blant døde sjeler eller eit oppriktig ønske om å skjøne lidinga til dei som kjem over havet? Og kvar er eigentleg alle flyktningane og migrantane som avisene fløymer over av?
På den libyske sida av havet gjer ein gut seg klar til å rei…
Ebok
329,-
Undertittel
roman
Forlag
Samlaget
Utgitt
7 februar 2017
Lengde
186 sider
Sjanger
Skjønnlitteratur, Romaner
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788252189216
Solveig går i land på øya som er Europas siste utpost før Afrika. Ho sym tusenmeter på tusenmeter i det krystallklare vatnet. For nokre få år sidan gjekk ein båt ned her, åtte hundre meter ut i havet. 368 menneske drukna. Har Solveig eit morbid ønske om å symje blant døde sjeler eller eit oppriktig ønske om å skjøne lidinga til dei som kjem over havet? Og kvar er eigentleg alle flyktningane og migrantane som avisene fløymer over av?
På den libyske sida av havet gjer ein gut seg klar til å reise. Draumen hans er å reise med eit stort passasjerskip over havet, og deretter ta toget strake vegen til faren, som er i byen dei kallar Bodo. Overfarten byrjar ei natt under stjernehimmelen medan guten leiter etter Kassiopeia mot nord.
Mare utforskar maktesløysa enkeltmenneske kan føle i vår tids store konfliktar, frustrasjonen over å vere på den heldige sida av grensa, sinnet over å kjenne seg innestengd bak den grensa.
Kristin Sørsdal (f. 1966) er frå Tromøya utanfor Arendal. Sørsdal har tidlegare gitt ut romanane Makabre bikkjer (2010) og Guds hund (2014) og ho er Elena Ferrantes norske omsetjar.