 
    
    
    
    
    Legg til i ønskeliste
    
    
      Les gratis utdrag
    
    
Mi briljante venninne (Napoli-kvartetten #1) ebok
  
  
  329,-
  
Boka bak TV-serien
        
      TERNINGKAST 6 – Kristine Isaksen, VG.
Mi briljante venninne er ein stor, filmatisk roman. Historia blir fortalt av Elena, som får vite at venninna gjennom eit langt liv, Lila, er sporlaust forsvunnen saman med alt ho eig: Ikkje eit hårstrå er tilbake, ikkje eit fotografi.  
 
 Historia om Elena og Lila begynner i ein fattig, men pulserande bydel i utkanten av Napoli. Fattigkvarteret er prega av vald og brutalitet. Dei to jentene skil seg ut ved at dei er svært kløktige, og Lila også for villsk…
  
    Ebok
    329,-
  
  
  
    Lydbok
    169,-
  
  
    Undertittel
    barndom, tidlig ungdom : roman
  
  
  
  
    Forlag
    Samlaget
  
  
  
    Utgitt
    27 februar 2015
    
  
  
  
  
    Lengde
    403 sider
  
  
  
    Sjanger
    
      Skjønnlitteratur, Romaner
    
  
  
  
    Serie
    Napoli-kvartetten
  
  
  
  
    Nummer i serie
    1
  
  
  
    Språk
    Nynorsk
  
  
    Format
    epub
  
  
    DRM-beskyttelse
    Vannmerket
  
  
    ISBN
    9788252188288
  
TERNINGKAST 6 – Kristine Isaksen, VG.
Mi briljante venninne er ein stor, filmatisk roman. Historia blir fortalt av Elena, som får vite at venninna gjennom eit langt liv, Lila, er sporlaust forsvunnen saman med alt ho eig: Ikkje eit hårstrå er tilbake, ikkje eit fotografi.  
 
 Historia om Elena og Lila begynner i ein fattig, men pulserande bydel i utkanten av Napoli. Fattigkvarteret er prega av vald og brutalitet. Dei to jentene skil seg ut ved at dei er svært kløktige, og Lila også for villskapen sin. Ho er trassig, møkkete - og fryktlaus. Oppveksten i desse røffe gatene lærer jentene å stole på kvarandre og ingen andre. Elleve år gammal må Lila avbryte skolegangen for å arbeide i farens skomakarbutikk, mens Elena held fram med å studere, og Lila er berre seksten år når ho giftar seg med den velståande kjøpmannen Stefano Carracci, son av den forhatte Achille, for å komme seg ut av grepet Solara-familien har om henne og resten av bydelen.  
 
 Ferrante har skapt eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag.  
 
 Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.  
 
«Vårens leseopplevelse» 
Terningkast 6! 
Ole Jacob Hoel, Adresseavisen 
 
«Rå vold i briljant roman» 
Terningkast 6! 
Kristine Isaksen, VG 
 
«Et moderne storverk» 
Aage Borchgrevink, Aftenposten 
 
«En strålende roman» 
Leif Ekle, NRK 
 
«Alle burde lese alt av Elena Ferrante.»  
The Boston Globe
       
         
            
            
            
            
         
            
            
            
            
         
            
            
            
            
         
            
            
            
            
         
            
            
            
            
         
            
            
            
            
         
            
            
            
            
         
            
            
            
            
         
            
            
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
         
            
            
        