Min barndoms Gud (ebok) av Kjell Hetlelid
Legg til i ønskeliste
Kjell Hetlelid (forfatter)

Min barndoms Gud ebok

299,-
Anna og eg møttest tilfeldig i St. Petersburg. Etter litt roleg prat inviterte eg henne til fin middag på ein fin restaurant. Med lite grann undring såg eg då at Anna både roleg og naturleg folda hendene sine og bøygde hovudet høgtidsamt over maten sin - før ho byrja å eta. Av det vesle som Anna allereie hadde fortalt meg om livet sitt så forstod eg at ho måtte vera ei vakker kristen sjel - ja, nesten liknande litt på min eigen far, den godt kjende emissæren frå Ryfylke! Hendinga gjorde eit ste…
Ebok 299,-

Andre har også kjøpt

Forfattere Kjell Hetlelid (forfatter)
Forlag Kolofon
Utgitt 4 mai 2022
Lengde 518 sider
Sjanger Romaner, Skjønnlitteratur
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788230023679
Anna og eg møttest tilfeldig i St. Petersburg. Etter litt roleg prat inviterte eg henne til fin middag på ein fin restaurant. Med lite grann undring såg eg då at Anna både roleg og naturleg folda hendene sine og bøygde hovudet høgtidsamt over maten sin - før ho byrja å eta. Av det vesle som Anna allereie hadde fortalt meg om livet sitt så forstod eg at ho måtte vera ei vakker kristen sjel - ja, nesten liknande litt på min eigen far, den godt kjende emissæren frå Ryfylke! Hendinga gjorde eit sterkt intrykk - der eg sjølv sat med min eigen tørre ateisme og alle mine gudlause tankar! Men - det skulle visa seg at Anna var ein både klårare og meir ærleg ateist enn det eg sjølv var. I hennar gudsfornektande tankar fanst det både ei fin medmenneskeleg omsorg og mange etisk vakre idéar - om det å leve eit levande liv. Attom seg hadde Anna allereie eit lenge levd liv - der kvardagane hennar hadde vore farga av fred og ei inderleg omsorg for andre menneske. Menneske som elles etter vanleg sed og skikk ikkje var esla til noko særleg stort oppstuss i livet sitt. Men sjølv med hennar ateisme og opne gudsfornekting så ville far min - emissæren - truleg ha vore samd i at Anna likevel levde eit vakkert kristent liv - i alle sine dagar! På ein måte blei dette eit gjennomgangstema i denne boka! Kjell Hetlelid. Fødd i Vormedalen i Hjelmeland. Bur på Sola. Farmasøytisk embetseksamen i 1963.