Når landet mørknar - roman (ebok) av Tore Kvæven
Legg til i ønskeliste Gratis utdrag
  • Sett i bokhyllen
  • Les gratis utdrag
  • Embed-kode
Tore Kvæven (forfatter)

Når landet mørknar ebok

329,-
(4)
Året er 1293. Den unge guten Arnar Vilhjalmsson ror i si første kvalrossjakt. Etter jakta står der ei jente framfor han. Ho kastar eit blikk på dyret han har felt, og blikket hennar er trassig og orda er hånande. Etterpå snur ho seg og spring, utan å sjå seg tilbake. Ho heiter Eir. I den norrøne Vesterbygda på Grønland har ei uro snike seg inn. Kvalrossen som gjorde folket her rike, har trekt seg unna. Skipa som segla hit frå Noreg og Island for å drive handel, er sjeldnare å sjå. Grønlendin…
Ebok 329,- Lydbok 379,-

Andre har også kjøpt

Undertittel roman
Forfattere Tore Kvæven (forfatter)
Forlag Samlaget
Utgitt 21 februar 2018
Lengde 450 sider
Sjanger Skjønnlitteratur, Romaner
Språk Nynorsk
Format epub
DRM-beskyttelse Vannmerket
ISBN 9788252193930
Året er 1293. Den unge guten Arnar Vilhjalmsson ror i si første kvalrossjakt. Etter jakta står der ei jente framfor han. Ho kastar eit blikk på dyret han har felt, og blikket hennar er trassig og orda er hånande. Etterpå snur ho seg og spring, utan å sjå seg tilbake. Ho heiter Eir. I den norrøne Vesterbygda på Grønland har ei uro snike seg inn. Kvalrossen som gjorde folket her rike, har trekt seg unna. Skipa som segla hit frå Noreg og Island for å drive handel, er sjeldnare å sjå. Grønlendingane sine eigne farkostar er i forfall. Menneska spør seg: Er dette dei siste tider? Arnar drøymer om å byggje seg eit skip og segle mot landa i vest, der tømmer og jern og trua på framtida finst. Og i den draumen finst Eir. I jakta på framtida er Arnar villig til å trasse både sin eigen høvding, sine eigne gudar og landet sine lovar. Tore Kvæven debuterte med Hard er mitt lands lov (2010), ein stor episk roman om eit vikingtokt til det indre av Afrika. Når landet mørknar er ei lagnadstung og dramatisk historie, overbevisande i skildringa av menneska og av naturen. Med eit målande og mektig språk tek han lesaren med til ei fascinerande tid på Grønland.