Legg til i ønskeliste
Gratis utdrag
- Sett i bokhyllen
- Les gratis utdrag
Perlemorstrand (Utstein kloster-syklusen) ebok
149,-
Alfred Hauge slår opp eit stort lerret i romanen Perlemorstrand. Han vil - for å bruka hans eigne ord - «fortelja om vårt århundre og om ein person som gjennomlever vårt århundre». Boka spenner over ein tidleg epoke av 1900-talet, og gir eit rikt fasettert bilete av hovudpersonen Bodvar Staups barndom og det miljøet han veks opp i. Her møter vi først og fremst hans eiga slekt, eit møte der fire og stundom fem generasjonar er representerte samstundes. Det er eit miljø som har si markante geograf…
Ebok
149,-
Andre har også kjøpt
Undertittel
roman : Århundre I : Utstein kloster syklusen IV
Forlag
Gyldendal
Utgitt
12 oktober 2012
Lengde
299 sider
Sjanger
Skjønnlitteratur, Romaner
Serie
Utstein kloster-syklusen
Språk
Nynorsk
Format
epub
DRM-beskyttelse
Vannmerket
ISBN
9788205439078
Alfred Hauge slår opp eit stort lerret i romanen Perlemorstrand. Han vil - for å bruka hans eigne ord - «fortelja om vårt århundre og om ein person som gjennomlever vårt århundre». Boka spenner over ein tidleg epoke av 1900-talet, og gir eit rikt fasettert bilete av hovudpersonen Bodvar Staups barndom og det miljøet han veks opp i. Her møter vi først og fremst hans eiga slekt, eit møte der fire og stundom fem generasjonar er representerte samstundes. Det er eit miljø som har si markante geografiske avgrensing, men der folket samstundes har land som Amerika og Kina innanfor sin kontaktkrins. \tAlfred Hauge skildrar menneske og miljø med burlesk humor og inntrengjande alvor. Boka stiller samfunn og individ opp i spenning og samspel med kvarandre i ei tid med store omskifte. \tHandlingsgangen er intenst dramatisk. Perlemorstrand har langt på veg den same komposisjonsform som ein kriminalroman. Dertil får menneske og hendingar perspektiv ved at vi møter igjen hovudpersonen i vår eiga samtid, halvhundre år etter at Bodvar Staups barndomshistorie stod i brennpunktet. \tPerlemorstrand er etter sin struktur eit avslutta verk. Samstundes er boka opptakten til ein trilogi om det 20. århundre sett under eit politisk, sosialt, religiøse og individualistisk perspektiv. Boka høyrer dertil med som eit sjølvstendig ledd i Utstein kloster-syklusen.