Legg til i ønskeliste
    
      Les gratis utdrag
    
Roadmovie. Manuset (Aschehoug ebok) ebok
  
  119,-
  
Premium
        
      Den prislønte men psykisk sterkt tyngde omsetjaren Bodvin Rovde har enda opp i eit nedslite syttitals-småbruk ved svenskegrensa. Sjølv om han av prinsipp avskyr alle publiserte forfattarar, er han blakk, og ser seg dermed nøydd til å omsetje ei bok for Det Norske Samlaget. Oppdraget er ein seksuelt kåt roadmovie skriven av den kjende professoren Simon Anderson ved Institutt for nytta kjønnsforsking i Sandane. Men før Bodvin Rovde set i gang med omsetjinga, får vi servert hans eiga botnlaust mis…
  
    Ebok
    119,-
  
Andre har også kjøpt
    Forlag
    Aschehoug
  
    Utgitt
    7 februar 2012
    
    Lengde
    250 sider
  
    Sjanger
    
      Romaner, Skjønnlitteratur
    
    Serie
    Aschehoug ebok
  
    Språk
    Nynorsk
  
    Format
    epub
  
    DRM-beskyttelse
    Vannmerket
  
    ISBN
    9788203351983
  
Den prislønte men psykisk sterkt tyngde omsetjaren Bodvin Rovde har enda opp i eit nedslite syttitals-småbruk ved svenskegrensa. Sjølv om han av prinsipp avskyr alle publiserte forfattarar, er han blakk, og ser seg dermed nøydd til å omsetje ei bok for Det Norske Samlaget. Oppdraget er ein seksuelt kåt roadmovie skriven av den kjende professoren Simon Anderson ved Institutt for nytta kjønnsforsking i Sandane. Men før Bodvin Rovde set i gang med omsetjinga, får vi servert hans eiga botnlaust mistrøstige livssoge. Frå oppveksten i Vanylven ber det via kjøleskapsforsking ved det nyoppretta Universitetet i Haugesund til Amerika. Etter eit lite strategisk erotisk eventyr ved eit norsk-amerikansk college endar Bodvin som barpianist i Las Vegas. Og her skyt det verkeleg fart i undergangen.
På nokre nevrologiske punkt støyter livet til Bodvin saman med den teksten han skal omsetje. Da snører alt seg til, og forfattaren, Walton, er nøydd til å melde seg i teksten for å rydje opp. Da vert jo sjølvsagt alt mykje verre.
Boka er dels (sur)realistisk livsskildring, dels roadmovie og dels metafiksjonell sjangersjonglering. Samstundes er ho fullt ut ein burlesk satirisk komedie. Stephen J. Walton er tildelt Norlis debutantpris 2012 for «Roadmovie. Manuset.» Fra juryens uttalelse: "Romanen kombinerer akademisk arroganse med et saftig, folkelig og upassende språk det virkelig spruter av."