Legg til i ønskeliste
    
    
      Les gratis utdrag
    
    
Saganatt (Oktober ebok) ebok
  
  
  199,-
  
Premium
        
        
        
      Ein gong tidlig på 1980-talet flyttar Arvid Lunde til Odda. Der blir han lærar på gymnaset. Han ser ut som om han ønsker å bli slukt av staden, som om han vil gå i eitt med røyken, regnet og skodda. Men han seier: Om du vil forstå Norge, må du forstå Odda. Ein dag tar tidsånda plass i den tynne kroppen hans, og det blir det kjent at Arvid Lunde har blitt millionær på aksjehandel. Ein møbelhandlar frå Åsane set seg i bilen og kjører til Sverige mens Norge arrangerer OL på Lillehammer. Han vil gj…
  
    Ebok
    199,-
  
  
  
    Lydbok
    179,-
  
  
Andre har også kjøpt
    Undertittel
    Lundetrilogien
  
  
  
  
    Forlag
    Oktober
  
  
  
    Utgitt
    8 mai 2012
    
  
  
  
  
    Lengde
    442 sider
  
  
  
    Sjanger
    
      Romaner, Skjønnlitteratur
    
  
  
  
    Serie
    Oktober ebok
  
  
  
  
    Språk
    Nynorsk
  
  
    Format
    epub
  
  
    DRM-beskyttelse
    Vannmerket
  
  
    ISBN
    9788249510214
  
Ein gong tidlig på 1980-talet flyttar Arvid Lunde til Odda. Der blir han lærar på gymnaset. Han ser ut som om han ønsker å bli slukt av staden, som om han vil gå i eitt med røyken, regnet og skodda. Men han seier: Om du vil forstå Norge, må du forstå Odda. Ein dag tar tidsånda plass i den tynne kroppen hans, og det blir det kjent at Arvid Lunde har blitt millionær på aksjehandel. Ein møbelhandlar frå Åsane set seg i bilen og kjører til Sverige mens Norge arrangerer OL på Lillehammer. Han vil gjøre ein siste desperat handling. Ein gong var han ein som kjente folks drømmar, ein som reiste rundt og leverte lykke på dørene. Men no er butikken lagd ned og ho han var gift med hugsarikkje lenger kva han heiter. Dei er ulevande og ingen kan sjå dei. Dei kjører grå tenestebilar av merke Toyota Corolla, og dei ferdast gjennom gatene i eit utlevd Oslo. Jobben deira er å korrigere feil som har skjedd over alt der sosialdemokratar er innblanda. Dei har namn som Gerhardsen, Bratteli, Nygaardsvold. Dei gjør den jobben som må gjørast i skuggen av sosialdemokratiets lys, ei fjern og døande stjerne. Saganatt. Lundetrilogien er tre romanar i eitt, tre forteljingarfrå tre desperate og fordrøymde tiår i nyare norsk historie. Det handlar om korleis vi kom hit, eller korleis vi kom ut av det igjen, eller kva som er igjen av draumen om det livet vi skulle dele.
      
        